Lastutrekning og LTP

Det finst etter måten mange videoar og tekster som tek fyre seg korleis ein skal rekna ut lastene på lastebilar og vogntog, men diverre er det ingen av desse som er serleg gode. Sidan det ikkje er råd å få tak i ei lettfatteleg tekst, so ser eg meg nøydd til å skriva denne teksti sjølv.

Fyremålet med å rekna ut last på lastebilar og vogntog er lett å forstå: Ein ynskjer ikkje verta stogga på vegen og verta bøtelagd for yverlast – og endå mindre ynskjer ein å hamna i fårlege situasjonar som ein sjølv fær skuldi for. Dei som skal køyra lastebilar og vogntog lyt difor vita kor mykje last dei kann leggja på. Dei lyt vita både kor mykje last dei kann leggja på bil og på hengjar og dei lyt vita samla lovleg vekt for heile vogntoget.

Det aller fyrste som avgrensar maksimal vekt er det som sjølve bilen toler av vekt, og det kann ein lesa av i vognkortet. Deretter lyt ein sjå på kva slags vekt vegen toler. Det finst ulike bruksklassar (BK), og som regel toler vegen mindre enn det som bilen toler.

Når ein skal rekna på last må ein difor starta med å henta fram vognkortet og sjå kva slags totalvekt bilen toler og korleis ein skal fordela denne vekti yver akslingane på bilane. Den mest endeframme modellen er for ein lastebil med 2 akslingar, ein aksling framme og ein aksling bak. Her hev eg freista laga ein einfeld modell, som ein kann sjå på bilætet nedanfor:

Her kann ein sjå at det sviv seg um 2 ting:

  1. Finna den maksimale nyttelasti som ein kann leggja på lasteplanet bak.
  2. Finna lastepunktet (LTP) der ein kann leggja lasti slik at ho vert rett fordelt på aksling framme og bak.

Nyttelast og LTP på 2-aksla lastebil

For å finna samla nyttelast lyt ein finna nyttelast framme og nyttelast bak. Til dette fyremålet lagar me oss ein tabell. Talverdiane for eigenvekt kann me henta frå vognkortet. Talverdiane for akseltrykk kann me fyrst henta frå vognkortet og deretter korrigera mot veglista for vegen som bilen skal ut og køyra på (til dømes bruksklassen BK10). I veglista lyt ein både sjå på tabell 1 for bil framme og bil bak og på tabell 2 for vekti av heile bilen.

.                                           Bil framme                            Bil bak                        Bil totalt

Akseltrykk vognkort              8000                                  13000                           20000

Akseltrykk vegtabell             10000 (tab. 1)                     11500 (tab. 1)             19000 (tab. 2)

Akseltrykk lovleg                   8000                                  11500                         19000

-Eigenvekt                              4765+75                            4560                           9400

=Nyttelast lovleg                     3160                                  6440                          9600

Som me kann sjå frå vegtabellen so hev me lovleg akseltrykk på 10.000 framme og 11.500 bak. Grunnen til denne skilnaden er at lastebilen i dømet vårt hev bakhjulstrekk, slik at det er frittrullande hjul framme og drivaksling bak.

For eigenvekti framme so lyt me alltid leggja på 75 kg for vekt av førar.

For å finna nyttelasten lyt me ta det største lovlege akseltrykket og draga i frå eigenvekti for kvar av akslingane. Som me alt kann sjå frå tabellen so vert maksimal lovleg nyttelast:

Total lovleg nyttelast = (8000-4765-75)+(11500-4560) = 9600 kg.

No som me hev funne den total nyttelasten so lyt me rekna ut LTP’en, som er avstanden frå bakakslingen og inn på lasteplanet. Attåt nyttelast-verdiane som me alt hev rekna oss fram til so treng me akselavstanden som me kann henta frå vognkortet:

LTP = (lovleg nyttelast framme) * akselavstand / (total lovleg nyttelast) = 3160* 540 / 9600 = 177,75 cm.

Nyttelast og LTP på 3-aksla eller 4-aksla lastebil

Når lastebilen fær fleire akslingar vert det litt meir å rekna på, men dersom ein held tunga rett i munnen so kjem ein attende til det same reknestykkjet som med ein 2-aksla lastebil. Det gjeld berre å få rekna den 2-aksla eller 3-aksla boggien um til èin aksling, og so kann ein rekna på LTP på same måten som for ein 2-aksla lastebil. Ein må dessutan ta akselavstandane på sjølve boggien med i reknestykkjet når ein skal henta maksimalt akseltrykk ut frå vegtabellen (ein boggiaksling gjev høgare lovleg akseltrykk i vognkortet).

I tabellen nedanfor hev me sett opp verdiane for ein litt tyngre 4-aksla lastebil med boggi både framme og bak. Som ein kann sjå so fær ein her langt høgare lovlegt akseltrykk.

.                                           Bil framme                            Bil bak                        Bil totalt

Akseltrykk vognkort              18000                                  26000

Akseltrykk vegtabell             18000 (tab. 1)                     19000 (tab. 1)             32000 (tab. 2)

Akseltrykk lovleg                   16000                                  16000                         32000

-Eigenvekt                              9075                                    7100                         16175

=Nyttelast lovleg                     6925                                  8900                          15825

I tabellen ovanfor ser me at vekti yver boggi-akslingane er so høgt at det vert avgrensa av totalvekti på bilen (32.000), og me hev difor kutta vekti ned til 16.000 både framme og bak.

For å finna nyttelasten lyt me ta det største akseltrykket og draga i frå eigenvekti for kvar av akslingane. Som me alt kann sjå frå tabellen so vert maksimal nyttelast:

Total nyttelast = (16000-9075)+(16000-7100) = 15825 kg.

No som me hev funne den total nyttelasten so lyt me rekna ut LTP’en, som er avstanden frå bakakslingen og inn på lasteplanet. Attåt nyttelast-verdiane som me alt hev rekna oss fram til so treng me akselavstanden som me kann henta frå vognkortet:

LTP = (nyttelast framme) * akselavstand / (total nyttelast) = 6925* 4.35 / 15825 = 1.90 meter.

Nyttelast og LTP på lastebil med semi

Med ein lastebil med semi lyt me grunnleggjande sett gjera det same reknestykket 2 gonger:

  1. Me lyt finna nyttelast og LTP på bilen slik at me kann lasta semien ned på lastebilen.
  2. Me lyt finna nyttelast og LTP på semien slik at me kann få fullasta både bil og semi.

Me byrjar altso med å finna nyttelast på bil:

Nyttelast bil = Max. akseltrykk framme – eigenvekt framme + max. akseltrykk bak – eigenvekt bak – eigenvekt semi framme

LTP bil = (nyttelast bil framme) * akselavstand / nyttelast bil = (max. akseltrykk framme)*akselavstand / nyttelast bil

No som me hev funne nyttelast og LTP på bil, kann me gå vidare og finna nyttelast og LTP på den semien som me skal lasta:

Nyttelast semi = Max. akseltrykk semi bak – eigenvekt semi bak

Slik fær me den totale nyttelasten:

Nyttelast totalt = nyttelast bil + nyttelast semi

LTP for lasting inn i semien vert då:

LTP semi = nyttelast bil * akselavstand semi / (nyttelast bil + nyttelast semi)

Nyttelast og LTP på vogntog med hengjar

For vogntog med hengjar er utrekningane dei same som før, men no må me ogso rekna ut nyttelasten yver akslingen på hengjaren, og me lyt ta samla vekt på heile vogntoget med i reknestykkjet. Dersom vekti på hengjaren vert større enn det som er lov for heile vogntoget, so lyt me redusera vekti på hengjaren (me lastar alltid lastebil og semi fullt før me lastar hengjaren).

Som eit døme so gjer me det same reknestykkjet som for lastebilen, men no med ein hengjar på slep

.                                    Bil framme            Bil bak                     Bil totalt                      Hengjar              Vogntog totalt

Akseltrykk vognkort     18000                    26000                                                          27000                 50000

Akseltrykk vegtabell     18000 (tab. 1)       19000 (tab. 1)          32000 (tab. 2)             18000                 50000

Akseltrykk lovleg          16000                   16000                       32000                          18000                 50000

-Eigenvekt                      9075                     7100                       16175                            9078                 25253

=Nyttelast lovleg             6925                     8900                       15825                            8922                 24747

Me ser at me både fær ei avgrensing på framaksling og bakaksling på 16.000, sidan me ikkje kann gå yver bilen si samla vekt på 32.000, og me fær ei avgrensing på hengjarakslingen på 18000, sidan me ikkje kann gå yver vogntoget si samla vekt på 50.000 kg.

Som me ser frå tabellen, so fær me ein samla nyttelast for vogntoget på:

Nyttelast vogntog = nyttelast bil framme + nyttelast bil bak + nyttelast hengjar = 24747 kg.