Epokegjerande bok um språk og kognitiv psykologi
The fall of the Word and the rise of the Mental Model
-A Reinterpretetion of the Recent Research on Spatial Cognition and Language,
Frode Jens Strømnes,
Peter Lang forlag,
Frakfurt am Main,
2006a
Fyrste gongen eg møtte Frode Jens Strømnes var på eit målmøte i 1999 i Volda. Eg fatta straks interessa for denne mannen som hadde mange spanande tankar kring mål og målsak. Sjølv hev eg studert psykologi, men ikkje lenger enn til grunnfag. Det er likevel nok til at eg meiner at eg kann segja at Strømnes stend for noko sers sjeldsynt og uvanleg i Noreg. Ein psykolog som hev tankar um korleis ein kann knyta saman psykologi og språk, er ikkje noko ein støyter på serlegt ofte. I farten kann eg berre tenkja meg èin person som hev gjort noko av seg, og det er Ragnar Rommetveit. Rolf Mikkel Blakar kann kannhenda verta dregen fram av nokre, men etter mitt syn held han ikkje same standarden.
Då eg studerte psykologi, og ikkje minst etterpå, slo det meg at det var grunnleggjande å studera læring av språk. Eg uppfatta det slik at det fanst studiar av kognitiv psykologi som eg vil kalla eksperminentalpsykologi, dei tok fyre seg tenkjing, minne, persepsjon og dilikt. Eg meiner det er viktugt å skyna korleis folk uppfattar språk og lagrar språklege kunnskapar.
Men eg vart jamvel inspirert av personlegdomsteoriane til Bandura og Michell. Dei gjekk meir konkret til verks i høve til korleis kvart einskilt menneske kann læra noko.
Dersom ein kombinerar psykologien med til dømes Bourdieu sine tankar um sermerkte kompetansar innanfor ulike umkverve, kann ein sjå fyre seg at det gjeng fyre seg ei læring av språklege kunnskapar og uppfatningar som gjer at nordmenner ikkje berre lærer seg eit skriftspråk og ein variant av dette skriftspråket, men ei uppfatning av tilhøvet millom talemål og skriftmål med. Soleis kann norske ungdomar i dag læra seg at riksmålsformene i bokmålet er det skriftlege avbrigdet av språket deira, medan det munnlege talemålet er noko heilt anna. Men dei kann jamvel tru at dei nyttar dei munnlege formene når dei skriv av di talemålet og skriftmålet er so avsondra for dei at dei ikkje tenkjer yver at dei skriv på ein annan måte enn dei talar.
Eg hev tenkt meg at ein lærer eit slags daningsideal eller uppfatning av kva som er den skriftlege versjonen av det munnlege talemålet. Dette hev eg kalla ein nasjonal eller kulturell kompetanse. Innanfor målrørsla er forståingi av denne kompetansen og kunnskapen i denne kompetansen vorte nedbroten av mange retttskrivingsendringar og personlege rettskrivingar.
Dette var noko av bakgrunnen til at eg såg og ser med spaning på det arbeidet og nokre av dei teoriane som Strømnes hev lagt fram og delt med oss i høgnorskrørsla på møte i Volda og no seinast i eit umfemnande faglegt arbeid i form av ei bok på 500 sidor. Lat det vera sagt med ein gong, boki The fall of the Word and the rise of the Mental Model er ikkje ei bok for kven som helst. Det løner seg å kunna ein del psykologi um ein i det heile hev til ambisjon å koma gjenom boki på skapleg vis.
Eg vil ikkje ein gong koma nær å kunna gjeva nokor fagleg umdøming av arbeidet til Strømnes, og eg kann visseleg verta uppfatta som ein lettvektar berre i attgjevingi av tankane hans. Eg kann berre ynskja at langt meir kompetente meldarar og forskarar vil melda si interessa for boki. Når det er sagt, so er det mange ting ein kann gripa tak i og freista skyna som lekmann og som språkinteressert.
Kva er kjernen i boki? Eg uppfattar det slik at forfattaren ynskjer som det heiter i undertittelen å umtolka moderne forsking på romleg psykologi og språk. Strømnes meiner at den kognitive psykologien hev kome fram til resultat som styd den konklusjonen at gamle lingvistiske uppfatningar og strukturar ikkje held fullgodt mål til å læra og forstå kva eit språk inneheld av mentale modellar. Og Strømnes er ikkje nådig når han kritiserar lingvistane. Til dømes er han totalt avvisande i høve til tanken um at alle språk er like og utan vidare kann brukast på same måte.
Det er snarare ulikskapane som kjem i sentrum for Strømnes. Gjenom mange forskingsår i Finland fekk han rikeslege høve til å eksperimentera vitskaplegt med tilhøvet millom Indo-europeiske språk som svensk og norsk på den eine sida og og eit finskugrisk, finsk, på den andre sida. Dette førde til at han utvikla ein teori som bygde på geometriske strukturar. Han gjeng i stutte drag ut på at indo-europeiske språk er orienterte kring tridimensjonell tenkjing knytt upp til vektorprinsippet, og dette fører med seg at det sentrale ved språket er knytt til storleikar og retning. Dette kjem til uttrykk gjenom at fleire av dei indo-europeiske språki nyttar preposisjonar som viktuge språklege ovringar.
I finsk derimot kann ein tala um topologi-prinsippet. Det vil segja at det viktuge med språket er kvar hen ulike fenomen grupperar seg i høve til kvarandre. Djupstrukturen i språket er tvodimensjonal.
Forskingi til Strømnes og kollegaene hans er svært umfemnande og vert åtgådd på ein svært grundig måte i boki. Stutt-fatta kann ein segja at Strømnes studerte korleis finskspråklege og svenskspråklege/indo-europeisk språklege kunde hugsa og arbeida med språk. Ei rad røyne med forsøkspersonar underbygde at det som gav meining for finskspråklege ikkje gav meining for svenskspråklege. Dei ulike språkstrukturane var med på å dana ulike mentale modellar som avgjorde kva som var meiningsfullt.
Boki er topptung. Det vil segja at dei tyngste og mest vanskelege eksperimenti og teoriane kjem fyrst. Eg hev ikkje høve til å gå inn på dei filosofiske diskusjonane som Strømnes er innum, jamvel um eg er viss på at språkfilosofane ikkje vilde ha gjenge god for nett denne delen. I alle fall vert det for spesielt å spekulera i um mengdi av b-vitamin kann ha ført til at tankane kring språk i ein tidbolk førde til ei nyorientering i filosofien.
Men dette vert i røyndi ikkje so grunnleggjande. Den grunnleggjande faglege åtgåingi i boki gjeld lingvistikken, og her meiner eg at Strømnes heilskapleg sett bør takast svært ålvorleg. Han hev heilt rett i at lingvistisk forsking på mange måtar vert fordummande med si stivbeinte tru på grammatiske modellar og skortande interessa for nett kognitiv psykologi.
Det som kunde ha gjort boki til noko av ein bestseljar er det som kjem langt utanfor allfarveg. Det er forskingi på finsk film. Det er heilt unikt og noko av eit sersyn at finsk fjernsynsteater styrde norsk lags- og organisasjonsliv i minst eit tiår, um ikkje tvo. Alle møte skulde haldast dei kveldane då det var finsk fjernsynsteater. Det gjekk so langt at alt som var keidsamt vart kalla finsk fjernsynsteater.
Strømnes er truleg ein av dei fåe nordmennene som kann forklåra kvifor nordmennene var so avvisande til finsk teater. Og det er her dei geometriske strukturane ovanfor slær inn. Filmskaparane hev ein spesiell kulturell kompetanse som gjer at dei mentale modellane deira styrer dei inn på eit spor som gjev ei sermekt form for film. Når folk med indo-europeisk språk tårnar saman med menneske som hev heilt andre mentale modellar og gjev uttrykk for desse både når det gjeld språk og innhald, so vert reaksjonen ei total avvising. Ein skrur av fjernsynet kort og godt.
Gjenom systematisk gransking gjekk Strømnes og kollegaene hans gjenom nokre filmar som bygde på same manus. Her kunde Strømnes ettervisa korleis filmane var ulike og korleis ulikskapane samsvara med teoriane hans.
Strømnes hev òg gjort etterrøkjingar med umsyn til arbeidsulukkor. Han hev isolert utanforliggjande årsaker og funne fram til at det må vera ulukkor som vert valda av at språket som ein teknologi byggjer på eller arbeidsspråket på ein arbeidsplass byggjer på. Språklege mistydingar og misuppfatningar fører til at folk ikkje handlar slik dei bør. Arbeidsulukkor kann dessutan hanga saman med um det er eller ikkje er fleirspråklege menneske på arbeids-plassen.
Kinesisk er eit språk som melder seg tidlegt i lesnaden for min part. Dersom folk danar seg mentale bilete når dei les, kvifor ikkje berre innføra eit biletspråk som i Kina? Det er vel unekteleg ein grunn til at ei mest mogleg ordrett attgjeving av talen hev vorte utgangspunktet for moderne skriftspråk. Dette er av dei mysteria som eg ikkje vert heilt klok på. Sameleis er det med funni som viser at blinde hev større evna til å dana seg mentale modellar i tilknyting til arbeid med språk enn det dauve kann. Det verkar som at dauve vert temmeleg hjelpelause i høve til å dana seg mentale modellar. Kva er årsaki til det? Kann det vera at høyrslesansen er serleg eigna for rompersepsjon? Og kva med skilnaden millom å bruka teiknspråk og munnavlesing? Dessutan finst det dauve som kann dansa med utgangspunkt i ljodsvingingar som dei kann kjenna. Her melder det seg mange spursmål, og det er ikkje slik at eg ventar meg svar, men eg ser fyre meg at her må det vera mykje interessant å arbeida vidare med.
Apropos Kina. Strømnes dreg inn Kina i samband med at europearane freista å innføra teknologi der på 1700-talet. Kinesarane kopierte teikningar som vestlege menneske ikkje kunna bruka til å laga teknisk utstyr av. Kvifor var det slik? Strømnes er open for at det er naudsynt å kunna kinesisk for å forstå kva det er for mentale modellar som vert skapte i denne språkkulturen. Fyrst når ein kjenner språket vil ein fullt ut kunna forstå kva det er som gjeng fyre seg når kinesarane lagar teikningane sine. Mange uppfatningar um bilete og teikningar er uppfatningar som ikkje er like naudsynte i andre kulturar. Til dømes at eit målarstykkje skal ha ei råma. Soleis skal ein vera svært varsam med å tru at ein skynar alt, jamvel med ting som vert beinveges attgjevne.
Strømnes er best når det gjeld å sjå på språk som hev stort fråstand til einannan. Eg hev større vanskar med å finna fram til kva han meiner når ein kjem til språk som er relativt like. Det hadde vore ynskjelegt å ha visst meir um syni hans på slike tilhøve. Elles er det mange faglege og personlege synspunkt i boki. Eg kann vera samd med Strømnes i mykje når det gjeld matematikk og lingvistikk, men eg hev ikkje like stor tru på freudiansk terapi. Eg kann vera samd i at norskundervisningi til framandspråklege kunde ha vore betre, men eg tykkjer ikkje det er nok at Strømnes jamfører denne upplæringi med kor lang tid han sjølv nyttar på å læra seg eit framandspråk. Eg tykkjer absolutt det er interessant og fruktberande um det let seg gjera å nytta Strømnes sin teknikk med mentale modellar for å læra folk nye språk, men han er langt undan å få til eit truverdig prosjekt der modellen hans vilde fungera for alle tenkjelege språk på kloten.
Eg for min part ottast ikkje at språklærarar skal verta arbeidslause um dei ikkje fær bruka dei tradisjonelle læringsmetodane, men gjeng yver til metodar som byggjer på teoriane til Strømnes. Eg trur knappast at det er mogleg å vert utlærd i språk, so det vil alltid vera bruk for folk som kann noko um nett språk. Og enn so lenge vantar me dei nye læringsmetodane som Strømnes vil ha.
Difor tykkjer eg at hovudtitelen vert for ambisiøs. Dei mentale modellane hev langt frå reist seg enno. Her trengst langt meir av både forsking og arbeid, og eg ser diverre ikkje fyre meg kven som skal fylgja i fotefari til Strømnes. Men at Strømnes hev kome fram til ein ny veg for språkforsking og språkarbeid og at funni hans er viktuge for målsak og målreising, det er eg ikkje eit sekund i tvil um.
Lars Bjarne Marøy
Nye kommentarar