Fjerrsjå kann vera fårlegt
Når epidemiologane byrjar setja ljoskastarane på “kopeboksen”, so kann dei leita fram ovstore verknader på folkehelsa. Dette kann me lesa um i eit bladstykkje av Stephane Foucart i franske Le Monde, den 8. oktober 2011.
Hjå born hev fjernsynet negative verknader både for dei kognitive evnone og for framferdi. Hjå vaksne gjev fjernsynet redusert livealder.
Du vil kanskje ikkje tru det, men resultati vart nylegt publiserte i British Journal of Sport Medicine: For kvar time som ein nyttar framfor fjernsynet etter å ha passert 25 år, so vert den venta livealderen meinka med 21,8 minutt. Det er konklusjonen åt ei australiensk kohort-etterrøkjing gjord i 1999-2000 med heile 12.000 personar. Og um ikkje dette var nok, so hev ein meta-analyse av ei rad ulike kohortstudium, nylegt publisert i prestisjetunge Journal of the American Medical Association (JAMA), kome til liknande konklusjonar.
I ei av dei seinaste utgåvone av tidskriftet Pediatrics kann ein lesa um forskarane Angeline Lillard og Jennifer Peterson som hev studert tri gruppor av born, kvar gruppa talde 60 personar: Den fyrste gruppa hadde i ni minutt sett på ein teiknefilm, den andre gruppa hadde sett på eit undervisningsprogram og den tridje gruppa hadde vore upptekne med teikning. Borni var like etter dei nemnde aktivitane tekne med på fire klassiske testar som skulde mæla konsentrasjonsevnor og logiske evnor. “Ungane som hadde sett på teiknefilmen hadde gjort det signifikant dårlegare enn ungane frå dei tvo hine gruppone”, slær forskarane fast. Gruppa med det beste resultatet var dei som hadde nytta tidi på å teikna. “Berre ni minutt med teiknefilm hev ein negativ verknad på dei mentale funksjonane åt eit lite barn”, kann dei soleides leggja til.
Resultati yverraskar ikkje i det heile for Frederick Zimmerman ved University of California, Los Angeles, ein av dei mest siterte forskarane når det gjeld fjernsynet sine verknader på småe born. Frå eigi forsking hev han kunna slå fast at kvar time um dagen som born under tri år i gjenomsnitt nyttar til å sjå på kommersielle fjernsynsprogram svarar til ei dubling av risikoen for å uppliva konsentrasjonsproblem fem år seinare. Zimmermann kann kor som er leggja til noko sers forvitnelegt: Fjernsynsprogram som var laga for å tena eit pedagogisk og byggjande fyremål hadde ikkje denne verknaden i det heile. Det er med andre ord skilnad på kva slags program borni ser på.
Jamvel um denne kunnskapen er lite kjend i ålmenta, er det i vitskaplege krinsar tala um fakta som det ikkje lenger er store ordskiftet um. Dimitri Christakis ved Washington University, Seattle, slær fast at det millom forskarar i dag er det konsensus um at “[å] sjå på fjernsyn fyre ein hev fylt tvo år er assosiert med sein språkutvikling, veikte kognitive evnor, og, seinare i livet, dårlege resultat på skulen og konsentrasjonsvandemål”.
Michel Desmurget, nevrobiolog og forskingsdirektør ved franske Institut national de la sante et de la recherche medicale (Inserm) konkluderar med at “[d]et er ei stor vitskapleg semja um dei globale skadeverknadene av fjernsynet”. Han fortel at “[d]et mest yverraskande for meg var den store vitskaplege semja um verknadene av fjernsynet på helsa, dei kognitive evnone og på valdsdragnader. På mange umkverve finn ein ofta studium som kjem til motstridande resultat. Men når det gjeld fjernsyn er sovorne resultat sers sjeldsynte. […] Verknadene som fjernsynet hev på valdsbruk hev vore kjende i sers lang tid, og studium syner at semja i vitskaplege krinsar er umvendt proporsjonal med den påstått vantande konsensusen som ein i dagspressa fær høyra um.”
Alkohol og tobakk kann ikkje seljast utan at det fylgjer med åtvaring um dei skadelege verknadene det hev på helsa. Når det kjem til kosthald, fær me stødt høyra at ein ikkje skal eta for mykje og ikkje for feitt, for søtt eller for salt. Kva tid kjem so den fyrste kampanja der må fær vita ein ikkje skal sjå for mykje på fjernsyn, og at ein lyt taka seg tid til å einast velja ut dei beste programmi for seg sjølv og huslyden sin, spyrr Stephane Foucart seg.
William Dab, andsvarleg for hygiene og tryggleik ved Conservatoire nationale des arts et metiers, syner til at det vantar objektive kriterium for kva som kann reknast for å vera eit ålment helseproblem: “Det er ofta eit resultat av styrketilhøve og ikkje so reint lite lobbyverksemd….” Michel Desmurget syner på si sida til at medieindustrien nyttar same slags argumentasjon som tobakksindustrien tidlegare hev nytta seg av, med ordleidingar som at “studia er påverka”, “forskarane hev laga ein rengd versjon”, “vitskapsmennene ynskjer å diktera”, og so burtetter.
For tobakken sin part hev det ofta vorte drege fram som eit argument at røykjing hev positive sosiale verknader (dei viktugaste ordskifti på mange arbeidsplassar gjeng fyre seg på røykjeromet). På same måten hev medieindustrien hævda at fjernsynet hev opna det offentlege romet og gjeve fleire menneske tilgang til det demokratiske ordskiftet, men her gøymer det seg ikkje so reint fåe mytar: Når fjernsynet byrja nå ut til massane på 1970-talet, førde det til eit drastisk fall i frammøtet på stader der folk normalt knyter sosiale band (skjenkjestover, friviljuge organisasjonar, idrottslag osb). Fjernsynet er snarare eit instrument for å bringa den same bodskapen ut til isolerte einskildindivid.
Denne verknaden kann ein sers tydelegt sjå frå eit unikt studium frå Canada. I 1973 fekk Tannis Macbeth, psykolog ved universitetet i British Columbia, vita at ein liten by i nærleiken, til dessar utan tilgjenge til TV-sendingar, snart skulde få fjernsynsdekning. Han sette då i gang eit studium som gjekk fyre seg i eitt år fyre og tvo år etter at fjernsynet var kome til byen. Under seg hadde han 13 andre forskarar, og med tusundtals innsamla data kom dei til eit eintydig resultat: Etter at fjernsynet kom, vart talet på slagsmål i skulegarden tridubla, og skuleelevane hadde jamt yver fenge dårlegare lesetame. Eit eksperiment der borni fekk sjå på ymse slags fysiske gjenstandar, og dinæst gjera framlegg um kva dei kunde brukast til, synte vidare at fyrestellingsevna deira hadde vore 40 prosent betre fyre fjernsynet kom til. Den sportslege aktiviteten millom unge hadde samstundes gjenge ned med 25 prosent millom born og unge, og med heile 40 prosent millom dei vaksne.
Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 3 2012. Klikk her for å få tilsendt eit gratis prøveeksemplar av bladet!
Nye kommentarar