Høgnorsk på fem minutt
I siste helvti av 90-talet hadde Norsk Språkråd lagt ut den informative netsida «Nynorsk på fem minutt», ei grunnleggjande innføring i nynorskt mål for nynæmingar.
Fem minutt er kann henda nok til å setja seg inn i nokre av dei grunnleggjande prinsippi som skil nynorsk frå bokmål, men diverre er det slik at med dei fylgjebroti og serreglane som hev kome inn i nynorsken i 1917, 1938 og 1959 er det mange som ikkje ein gong greider å læra seg korrekt nynorsk etter eit heilt liv som aktiv nynorskbrukar.
Det klåre og greide alternativet til dagsens «moderne nynorsk» er det målet me kallar for høgnorsk. Ein finn det ikkje i ordlistone frå Det Norske Samlaget, men det er eit mål som hev vorte nytta i trass mot offisiell norsk rettskriving heilt sidan 1938. Olav H. Hauge sagde at han høyrde dei kalla målet hans for høgnorsk, og det tok han som ei æra.
Offisiell nynorsk vart fyrste gongen skriftfest i 1901. Sidan var det rettskrivingsbrigde i 1910, 1917 og 1938. Fram til då kunde ein skriva høgnorsk innanfor den statlege rettskrivingi.
I dag kann me skilja millom høgnorsk på den eine sida og høgnorsknær (tradisjonalistisk) nynorsk på hi sida. I ordlistone finn me i-mål og linne hokynsord kamuflera i innleidingi til Nynorsk ordlista, men derimot ikkje former som um, upp og burt.
Grunndragi i høgnorsken er dei same som i Aasen-normalen, med sume ortografiske brigde. Viktugast er kann henda burtfallet av daude t’ar i presens partisipp (gravet, fenget) og a-ending for alle tider a-gjerningsord (kasta – kastar – kasta – kasta mot Aasens kasta – kastar – kastade – kastat).
Vitskaplegt uppbygt målmynster
Det vert ofta nytta som eit argument mot nynorsken at han er eit «konstruert språk». Dette argumentet kann ein like godt snu til å vera eit argument for nynorsk. Det høgnorske målet hev eit vitskaplegt uppbygt målmynster. Med alle dei undantaki og serreglane som gjeld i nynorsk i dag, lyt ein stødt slå upp i ordlista for å finna ut kva som er korrekt nynorsk. Dei einfelde prinsippi attum høgnorsken gjer at målføringi kjem intuitivt. Ein treng ikkje vera filolog for å skriva. Ein kann til dømes lesa Bibelen frå 1938 og læra seg høgnorsk på den måten.
Eit sentralt prinsipp i høgnorsken er samanhengslovi, som segjer at når eit ord skal bøygjast, skal roti åt ordet vera med i alle bøygningsformene. Til dømes so heiter det å segja, sagde og hev sagt. G’en gjeng att i alle ledd og syner samanhengen til andre ord som er utleidde or same rot, som segn og soga.
Samstundes som målet syner samanhengen millom ordi, skil det samstundes dei ulike ordi frå einannan. Prinsippet kallar me ordskilnadslovi. Til dømes vert ordi kol og kål skrivne ulikt, jamvel um dei vert uttala likt.
Etymologisk normering
Høgnorsken er ikkje ortofon, men legg etymologiske prinsipp til grunn for rettskrivingi. Når det t.d. heitte gard, bord, skard og urd på gamalnorsk, so skal d’en vera med i dagsens nynorsk og, jamvel um han ikkje vert uttala lenger (men hev vorte til r åleine eller tjukk l i målføri). Den etymologiske rettskrivingi gjev soleides ikkje berre samband attende til norrønt, ho uppfyller og prinsippet hans Ivar Aasen um at skilje som fanst i målføri skulde spegla seg att i skrift («Der målføri skil, skal òg skriftmålet skilja»). Takk vere Aasens typeformprinsipp kann dialektord få ei standardisert form og takast upp i det nynorske målet.
Vokaltriklang
Det høgnorske i-målet hev vokaltriklang i hokynsord med a/i/o. Td tidi/tider og sida/sidor. Bokmålet hev berre e (tiden/tider og siden/sider). Dette gjer høgnorsken fargerik og vakker. «Selve sproget er jo musikk,» sagde Edvard Grieg.
Purisme i ordval og segjemåte
Høgnorsken er puristisk. Ikkje berre i ordval, men i segjemåten med. Som Nikolaus Gjelsvik peika på i «Von og veg» , ligg alle dei germanske måli under for latinen. Ein kann til dømes ta ein kva som helst slags norsk lovtekst og jamføra denne med teksti i den gamle gulatingslovi. Då ser ein sjølv at den norske målføringi er langt meir endefram og greid enn den «moderne».
Eit ryggstø for det norske i målføri
Dagsens nynorsk hev vorte eit løynt maktspråk som drep ned sernorske målmerke i målføri. Til dømes fører vantande kunnskap til at dei høgnorske i-formene vert svivyrde samstundes som det naturlege skiljet millom sterke og linne hokynsord som finst i dei fleste målføri vert brote ned, og det utan at nokon gjev gaum på det. Folk på Sunnmøre tykkjer det er “unaturleg” å skriva “gjenta” og “boki” framfor “jenta” og “boka”, men dei tenkjer ikkje yver at dei sjølve segjer “gjentå” og “bokja”. Nordfjord er ein av dei få stadene på Vestlandet der dette vokalskiljet ikkje finst, men der vert det palatalisering av sterke hokynsord som sluttar på g eller k, som «bokja» (boki) eller «saja» (sagi). Dette er døme på målmerke som dagsens nynorsk høgg tvert yver.
I dag er det slik at bokmålet hev eit talemålsideal, medan nynorsken ikkje hev det. Bokmålsveldet i dag gjer slik at det kjennest «unaturlegt» å nytta sernorske ord som foreldre og besteforeldre nyttar, men lett å taka etter tala og skrive bokmål, slik det ovrar seg i radio og fjerrsjå. Høgnorskfolk arbeider for at nynorsk skal verta normdanande, slik at nynorske ord og segjemåtar kann få fotfeste.
Framleides forviten?
Nokor innføring i høgnorsk på fem minutt vart nok ikkje dette stykket, helder fem minutt med motivasjon. Um du framleides er forviten etter meir informasjon um høgnorsken, finst det høveleg litteratur. Her kann eg millom anna nemna «Norsk Formlæra» og «Norsk Ordliste» av Lars Eskeland. Desse bøkene vart prenta uppatt av Norrønalaget Bragr på slutten av 90-talet. Formlæra finst ogso i netutgåva på http://sambandet.no/grammatikk. Andre bøker som ein vonleg kann få tak i antikvarisk er «Norsk grammatikk» av Leiv Heggstad og «Norsk-dansk ordbok» av Steinar Schøtt. Og gløym helder ikkje å lesa “Von og veg” av Nikolaus Gjelsvik. Dei som vil høyra den norske målsoga fortald frå ein høgnorsk ståstad kann lesa «Norsk Målsoga» av Gustav Indrebø. Ein systematisk gjenomgang av dei endringane som riksmaktene hev gjort i nynorskrettskrivingi i det fyrre hundradåret kann ein finna i «Mål og vanmæle» av Jostein Krokvik. Til slutt kann eg nemna artikkelsamlingi “Kva er målreising?” av Gustav Indrebø. Ho tek upp dei viktiguste argumenti mot samnorskpolitikken andsynes nynorsken og kjem inn på meir grunnleggjande spursmål um kvifor driva målreising.
Olav Torheim
Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 1 2006. Klikk her for å få tilsendt eit gratis prøveeksemplar av bladet!
Nye kommentarar