Er nynorsk på Vestlandet mindre verdt enn samisk på Finnmarksvidda?
Fylkesordførarane i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane er vortne samde um slå dei tri vestlandsfylki saman til eitt storfylke – på bokmål! Korleis kunde dette henda?
Med Vestlandsregionen på bokmål ser me endå ein gong kvar hen styresmaktene si illusoriske «jamstelling» millom tvo «målformer av same språk» hev ført oss.
Um nynorsk hadde havt status som eit minoritetsspråk eller regionalspråk, so kunde ein ha klaga styresmaktene inn for Europarådet. Å innføra vestlandsregion på bokmål vilde ha vore eit klårt brot på artikkel 7b i det europeiske charteret um minoritets- og regionalspråk som Noreg hev ratifisert (CETS 148, 1992). I Noreg gjeld dette charteret både for samisk, kvensk og romani, men ikkje for nynorsk.
Artikkel 7b i det europeiske minoritetsspråks-charteret slær fast at styresmaktene må basera politikken og lovgjevingi si på:
«the respect of the geographical area of each regional or minority language in order to ensure that existing or new administrative divisions do not constitute an obstacle to the promotion of the regional or minority language in question;».
Um me ser på minoritetsspråket samisk, so er det seks nordnorske kommunar som hev samisk til offisielt språk. Um norske styresmakter hadde vedteke å slå desse kommunane saman med andre norske kommunar og nytta seg av den nye demografiske stoda til å fjerna samisk som offisielt språk i dei nye storkommunane, so hadde det vore eit eklatant brot på det europeiske charteret.
Noko slikt kjem dimed aldri til å skje for samisk sin part. Når det kjem til nynorsken, det nedervde norske målet, so er stoda derimot ei onnor. Her hev styresmaktene laga seg den konstruksjonen at bokmål og nynorsk berre er tvo «målformer» av det same språket, og kva for ei «målform» ein vil nytta seg av er eit individuelt val for den einskilde språkbrukaren. Ein avviser at nynorsk faktisk er eit eige språk!
Jamvel um det er meir enn 150 års tradisjon for nynorsk på Vestlandet – i motsetnad til samisk som vart offisielt språk fyrst i 1990 – so er det altso duka for å «språknøytralisera» Vestlandet og leggja ned det einaste reine nynorskfylket i Noreg (Sogn og Fjordane).
Den gamle fylkesstrukturen hev funnast heilt sidan 1700-talet. Dei fire vestlandsfylki er naturlege einingar med hevd og tradisjon. Med regionreformi vert det lagt upp til at Nordfjordeid skal styrast frå Bergen, og det samstundes med at voldingar og ørstingar skal gjera trøndarar av seg. Slik hev ein med eitt slag gjort ende på alle dei 3 nynorskfylki på Vestlandet. Dette er kunstig.
Å draga linjalar upp på kartet var noko ein dreiv med i koloni- og mandat-tidi, og det burde soleides vera eit attendelagt stadium. Skal ein fyrst skapa regionar i Noreg, so må det vera regionar som er forankra i noko historisk, noko som gjev rotfeste og identitet. Då er ikkje nynorsken på Vestlandet til å koma i frå. Tek ein ikkje umsyn til dette, so vert ikkje regionane noko anna enn reinhekla storbyekspansjon kring Bergen og Stavanger.
No brenn det eit blått ljos for nynorsken på Vestlandet. Dei tri fylkesordførarane ser ut til å vera nøgde berre det samla talet på fylkeskommunalt tilsette vert det same som fyrr. Men regionreformi er eit politisk spursmål som er altfor viktugt til å verta avgjort av fylkesteknokratar på bakrommet. Ingen vestlandsregionalisme utan regionspråket nynorsk!
O. Torheim
Nye kommentarar