Strømmen og Bjørkelo i drepande keidsam dressur på homsebar
Tvo timars monolog med Kristian Bjørkelo og Øyvind Strømmen vart for mykje for dei fleste. Meir enn helvten av dei frammøtte hadde gjenge alt fyre dei tvo var ferduge å snakka.
I samband med «Humanistisk Veke» kalla Human-Etisk Forbund i Hordaland inn til ekstremisme-seminar på homsestaden Fincken i Bergen. Fyredragshaldarar var Kristian Bjørkelo og Øyvind Strømmen. Målmannen vilde for ein gongs skuld gjeva dei tvo ein sjanse, og møtte fram med eit ope sinn. Diverre fekk me det negative inntrykket stadfest – endå ein gong.
Møtet byrja klokka sju på kvelden, og fyrst ute var Kristian Bjørkelo. Han hev skrive ei bok um «ekstremisme» og vilde gjera nærare greida for kva ekstremisme var for noko og kva slags personar som var ekstremistar. Kven som helst kann verta ekstremist, var poenget hans – der han jamvel nytta seg av sin eigen vinstreekstreme bakgrunn som døme på dette. Kor representativ ein massiv sjølvuppnemnd «mullah» og «Hello Kitty»-fetisjist skulde vera for «kven som helst», det vart likevel aldri noko nærare problematisert…
Barnslegt lågt nivå
Det er mange måtar ein kann verta ekstrem på, hevda Bjørkelo. Ein kann ha eit ekstremt syn på samfundet (til dømes meina at pengesterke interessegruppor hev altfor mykje makt i eit liberalt demokrati), ein kann ha eit ekstremt alternativt ideal (til dømes meina at eit andsvarlegt einskildmenneske på toppen er betre enn eit andletslaust system) eller ein kann vera viljug til å nytta seg av ekstreme verkemidlar for å nå fram til eit mål (til dømes meina at samfundsendring må kjempast fram, at det rett og slett ikkje er nok å putta ein røystesetel i urna kvart fjorde år).
Bjørkelo kunde fortelja at det fanst både vinstreekstremisme, høgreekstremisme og religiøs ekstremisme. Sentrumsekstremisme og ekstrem sekularisme kom han derimot aldri inn på.
Langsamt var det likt til at publikum byrja å keida seg. Var det ikkje eit politisk seminar for vaksne menneske ein var komen til eller var det eit skuleklasse-fyredrag for 12-åringar?
Ein av tilhøyrarane tok ordet og spurde um det skulde vera ein dialog eller ein monolog, dette møtet. Han synte han til det faktum at det store fleirtalet av menneske som vart terroristar i Europa i dag, dei var sosiale taparar som hadde falle utanfor samfundet. Grunnen til dette var vantande integrering, og integrering var det sers vandslegt å få til so lenge kulturskilnadene millom innfødde og innvandrarar var so store. Um ein ikkje roar ned den massive innvandringi, so vert det i alle fall komplett umoglegt å få det til.
Slike innspel undervegs i fyredraget vilde ikkje Bjørkelo vita av. Spursmål og diskusjon fekk koma etterpå, hevda han. Deretter gjekk han vidare til neste sida i Powerpoint-presentasjonen sin – der det sveiv seg um konspirasjonsteoretikarar. Dei høyrde med til ekstremistane, dei med.
Kven spreider konspirasjonsteoriar?
Bjørkelo var sjølv millom dei som hadde falle offer for konspirasjonsteoretikarar, kunde han fortelja. Millom anna fanst det folk som hevda at Bjørkelo og Strømmen tok imot millionar av kronor for å forsvara det rådande systemet. Bjørkelo vilde ikkje gå noko nærare inn på kven det var som hadde sagt dette, men hoppa lynkjappt yver ein Powerpoint-slide der Målmannen-redaktøren fekk eit glimt av fylgjande ytring:
«Likevel er det ingi sjølvransaking å spora hjå dei «ekspertane» som fær millionar for å vakta um det rådande systemet – Øyvind Strømmen, Didrik Søderlind, Kristian Bjørkelo… Inst inne veit dei godt kva det er dei held på med, det er nett difor dei er so upptekne av å brennmerka minnemarkeringane som dei i Dresden og Magdeburg som «nazimarsjar».»
Målmannen-redaktøren reiste seg og avbraut Bjørkelo:
-Det var noko som stod på ein slide som du hoppa so glatt yver. Kann du vera so venleg å gå attende til den sliden og lesa upp det som stend der?
Ein av tilhøyrarane på fyrste rad vert nyfiken og spyrr:
-Er det noe som Olav Torheim har skrevet, dette her?
Bjørkelo hev ingi lyst til å lesa upp frå den sliden som han so elegant hoppa yver. I staden tek han upp att det han alt hadde sagt:
-Eg berre viser til det at det finst folk som påstår at eg og Øyvind Strømmen fær millionar for å forsvara det rådande systemet…
-Ja, men stemmer det ikkje at Hate Speech International hev fenge 3 millionar frå Utanriksdepartementet og Fritt Ord? Øyvind Strømmen styrer prosjektet og du medverkar som skribent. Stemmer ikkje dette? Eller kva med dei 40.000 Facebook-tilhengjarane åt Hate Speech International, der 90 prosent av namni er frå Tyrkia, korleis fekk de desse?
-Det hev aldri vore slik at dette er pengar som me stikk i eigi lumma…
-Det hev eg helder aldri påstått. Dette er prosjektmidlar som gjev dykk høve til å reisa, gjera research-arbeid og driva med skribentverksemd. De fekk 3 millionar kronor, og desse pengane må då brukast på noko, eller segjer du at prosjektmidlane berre gjekk inn på ein konto utan å ha vorte nytta til nokon ting?
-Altså, eg er på ingen som helst slags måte tenkt å gå inn i nokon diskusjon med deg.
-Du brukar eit sitat frå meg til å fremja ein påstand som ikkje toler å verta gjenstand for kritisk ordskifte. Du vil ikkje snakka med meg, segjer du, men du vil altso snakka um meg. Då er det vel sant som det alt er vorte sagt, at det er monolog og ikkje dialog som du fører?
Bjørkelo kom ikkje med noko svar, men gjekk vidare til neste slide.
Ingen diskusjon
Etter ein timelang monolog var Bjørkelo sitt fyredrag endelegt forbi. Ein utolmodig tilhøyrar trudde at det endelegt skulde vera tid for ordskifte, og han freista taka ordet. Svaret han fekk var at no skulde det vera fem minutts pause, og deretter skulde Øyvind Strømmen halda sitt fyredrag. Alle spursmål og diskusjonar skulde koma heilt til slutt.
Fem minutt seinare drog Øyvind Strømmen i gong sitt fyredrag. Helder ikkje her kom det fram noko interessant, og publikum synte heilt tydelegt at dei var vortne leide. Endå ein gong freista ein tilhøyrar å taka ordet, men han vart bryskt avvist av Strømmen som insisterte på at han måtte få gjera heile fyredraget sitt ferdugt fyre han vilde svara på spursmål.
Klokka nærma seg ni, og monologen åt Bjørkelo og Strømmen hadde snart vara i heile tvo timar. Klokka sju hadde det vore trongt um plassane, og sume laut setja seg på barkrakkar lengst bak, men no stod meir enn helvten av stolane tome. I det Målmannen-redaksjonen valde å gå frå møtet, so fekk me sjå at den utolmodige «møteplagaren» tok ordet endå ein gong.
-No må du snart byrja å snakka um realitetane her, det er sosiale årsaker til at terror og ekstremisme uppstår, dette er ikkje berre noko som skjer inne i hovudet til folk.
Det som skjer då er at ein av møtevaktene nær sagt jagar mannen ut or møtelokalet (Målmannen hev mobilvideo-upptak).
Ordskifte på fortauet
Soleides endar me alle ute på fortauet framfor Fincken, og for fyrste gongen på tvo timar er det faktisk moglegt å føra ei samtala:
Utkasta tilhøyrar: Er det ikkje tid for å problematisera Bjørkelo sin bruk av «ekstremisme»-umgrepet? Bør ein ikkje skilja millom meiningar som det er uvanlegt å høyra og meiningar som faktisk er ekstreme? Kva med det faktum at verkelege ekstremistar som regel er menneske som hev falle utanfor i samfundet?
Møtevakt: So du meiner nordmennene i Nasjonal Samling hadde falle utanfor i samfundet?
Målmannen-redaktør: Eh, øh, meiner du i fullt ålvor at nordmennene som gjekk med i NS kann jamførast med dei «nordmennene» som melder seg friviljugt til IS?
Møtevakt: Ja, Breivik er minst like ille som IS…
Målmannen-redaktør: Altso, kva i alle dagar er koplingi millom NS og Breivik?
Utkasta tilhøyrar: Eg kann godt fortelja deg kva som gav oss Breivik. Svaret på det finn me i det norske samfunnet.
Møtevakt: Ja, det svaret finn ein i fascismen og den politikken som FrP hev stått for i mange tiår…
På dette nivået tok me kvelden.
O. Torheim
Nye kommentarar