«Ver so snild, pass på at det ikkje vert slik i dykkar land som det er i vårt!»
Det er torsdag og middagstid. Eg gjeng ikring i byen min saman med nokre vener, og det fyrste me ansar på er ein demonstrasjon. Det er ikkje so mykje som hender ute på gata. Utanum nokre unge damor som skrik “Stop Deportations!”, so er det inkje å høyra.
So tek demonstrasjonstoget til å røra på seg. Demonstrasjonen er sett saman av ein handfull tyskarar og ein stor flokk med karar frå Midtausten. Nokre av dei gjeng på krykkjor, andre ser heilt normale ut. Dei fleste med dystre blikk. Frå bilane lyder orientalsk musikk. Vanlege folk gjeng rett forbi – sume likesæle, andre med nervøse andletsuttrykk.
Seinare råkar me på demonstrantane att. Denne gongen vert dei berre ståande, og enno ser det ikkje ut til at nokon gjev gaum på deim. Ein mann ropar eitkvart radt energisk i megafonen sin – på eit språk me ikkje skynar. Utanum politiet so er det ingen som ser på dei. Ei dama umset det som vert ropa ut. Han skal ha sagt at “Me er ikkje her for skuld pengar. Me er komne for å arbeida! Me vil ha språkkurs! Kvifor lyt me venta so lenge? Me vil ha husvære!” Eg er i denne augneblinken slett ikkje so viss på um det verkelegt var rett umsett, men sjølv kunde ikkje noko av det nemnde språket.
Eit par dagar seinare møter eg ei veninda. Ho er sjølv komi frå Midtausten. Ho tek sjølv eit språkkurs i tysk, og eg tykkjer ho hev fin framgang – når ein tek med i reknestykkjet kor stort fråstandet er frå hennar eige tungemål til tysk eller engelsk. Ho talar både engelsk og tysk på staukande vis, men me kann like fullt føra ei greid samtala. Samstundes stend fjernsynet på, der ei scena frå Berlin vert stråla ut: “2016: Talet på brotsverk utført av flyktningar gjeng attende”.
Veninda mi ytrar seg reint energisk um nett dette – halvt på engelsk og halvt på tysk. Ho segjer at ho vågar ikkje lenger å ta seg ut på gata. Me er samde um at denne nyhendemeldingi neppe kann vera rett. For når ein gjeng ikring i byen so er det alt anna enn fredelegt. På radio høyrer ein ingenting, i media kjem berre toppen av isfjellet fram.
Veninda mi er noko for seg sjølv – for ho ber ikkje noko hovudplagg lenger, ho reknar seg ikkje ein gong lenger som muslim. Kvifor det er slik, det hev eg aldri spurt henne um. Eg hev helder ikkje nokon gong spurt henne um kvifor ho kom til vårt landet, og det med av respekt – for eg hev kjensla av at det ikkje kann ha vore noko lett for henne. Eg trur ikkje at ho nokon gong kann reisa attende til heimlandet sitt. Når ho fortel um landet sitt, so segjer ho alltid at det er vorte ille. Svært ille. For 50 år sidan kunde ein framleis liva fritt der, og mor hennar slapp tidlegare å gå med hovudplagg. I dag vert alle menneske handsama som viljelause dyr, og serskilt kvinnor.
Ho fortel meir frå språkkurset sitt. Ho segjer at ho likar språkkurset godt og at ho tykkjer vel um lærarinna. Men ho fortel ogso at ho er redd for arabarane og mennene frå Nord-Afrika. Ho fortel meg at dei segjer alltid at “Dette er vårt land no, kvifor skal me slita oss ut?”. Eller at “Snart er alt vårt, berre vent”. Mange på kurset skynar kva desse mennene segjer, men ingen kann gjera noko. Ingen veit kven ein skal venda seg til. Frå utsida sett so framstår desse mennene heilt onnorleides. Til lærarinna fortel dei at dei er komne til oss for å liva i fred og fridom. På deira eige språk talar dei derimot um hertaking og krig. Um det kakestykkjet som etter den lange reisa deira ventar på dei her.
Det finst menneske som verkelegt hev god grunn til å flykta. Desse høyrer til forfylgde religiøse minoritetar. Dei nordafrikanarane og arabarane som eg skodar i byen um natti og i helgane, dei høyrer ikkje med til desse. Dei ter seg som okkupantar i ventetilstand, som hertakarar. Ein kann ikkje sjå dei i augo. Eit blikk kann bokstavelegt tala drepa. Damor glanar dei rett i brystsprekka, dei spring etter dei og ter seg trugande. Mange kvinnor hev alt for lenge sidan teke til å styra undan offentlege plassar. Det er ingen løyndom, men likevel er det ikkje noko som ein vågar snakka høgt um. Folk er redde, redde for for å segja sanningi. Dei er redda for karrieren sin, for umdømet sitt som “frigjord” kvinna, for å ikkje vera “sexy” nok, for å framstå som gamalmodig og intolerant. Det er likt til at det er viktugare for dei å sleppa problem og å verta sett upp til sosialt. Då er det trygge valet å flyta med straumen og ikkje å stikka seg ut på “negativt” vis. Det er viktugast å vera konform, innanfor “normi” – og å gjera det som staten segjer. Ikkje å gjera det som ein sjølv ynskjer eller tykkjer er rett.
Det er som i DDR, berre verre. Vinstresida sine fridomsverdiar er vortne umdana og slusa inn i ein totalitær ideologi. Ein ideologi som driv menneske til å lata seg trakka på, til å finna seg i saker og ting som dei i grunnen avskyr og hatar. Det er ikkje godt å skyna kvifor menneske som talar varmt um kvinnerettar og minoritetsrettar, eit privilegium som dei hev i vårt land, samstundes kann massivt stydja upp um menneske som ikkje hev noko til yvers for desse verdiane. Menneske som ikkje bryr seg katten um den kulturen som hev lagt grunnlaget for at me kann få desse rettane og fridomen. Me kann soleides kalla dei for medlauparar, kollaboratørar. Det er det ikkje fyrste gongen me uppliver i Tyskland. Men no i namnet åt den totale toleransen, det totale framsteget. “Alles für Merkel. Bis in den Tod”.
Eg segjer til henne at eg i årevis ikkje lenger hev skyna kva det er som skjer, og kvifor serskilt dei unge menneske er med på dette. Eg skynar ikkje kvifor me øydelegg oss sjølve og at det um 50 år kanskje ikkje finst noko tysk folk meir. Då ser ho på meg med trist andlet og tåror i augo. “Eg skynar det ikkje, det er fælt. Dei må då tenkja, dei med, på familien sin? I vår kultur tenkjer me fyrst og fremst på familien vår. Det er det normale. Det som skjer i dykkar land, Tyskland, det er ikkje normalt. Skynar du?” Ho ristar på hovudet, med eit ålvorlegt blikk.
Eg minnast demonstrasjonen. Det er eit ovstort gap millom kva desse menneski segjer ope til oss og kva dei segjer til kvarandre. Når eg tenkjer på veninda mi som er frå den same regionen, so tenkjer eg verkelegt: Ho kann enno liva einkvan staden i den frie verdi. Enno. Alt det som ho hev sagt um spursmåli som plågar meg, dei kokar ned til dette kjernepunktet: “Ver so snild, pass på at det ikkje vert slik i dykkar land som det er i vårt!”
Peter Schreiner
Nye kommentarar