Rammsund med nynorsk hardrock på Garage
Oslo-baserte Rammsund framfører Rammstein-låtar i nynorsk språkdrakt, og fredag 10. februar stod dei på scena i ein fullsett Garage-kjellar i Bergen. Humørfylt hardrock, kann ein vel kalla det.
Fyrste gongen eg høyrde Rammstein var då eg såg «Lost Highway» på Volda Filmteater i 1995. Det var både fascinerande og forvirrande med ein slags elektro-industriell metallmusikk som ein ikkje heilt visste kva slags bås han kunde puttast i, men sidan den gongen hev Rammstein gjeve namn til ein eigen musikkgenre som er vorten kalla for «Neue Deutsche Härte».
Tyske Rammstein hev henta namnet sitt frå ein amerikansk fly- og militærbase i Rheinland-Pfalz. I 1988 enda ei flyuppvising på Ramstein Air Base i katastrofe i det tri fly kolliderte i lufti og styrta ned i ei menneskemengd. 70 menneske miste livet og kring 1000 vart skadde. Det er elles verdt å merka seg at det er på Ramstein Air Base at USA hev lagra helvten av eit sekstitals atomvåpen som framleis er stasjonerte på tysk jord, og som Uncle Sam enno ikkje hev nokon planar um å pakka ned og ta med seg heim (snarare tvert imot, diverre).
Når det norske Rammsund hentar namnet sitt frå ein marinebase i Harstad, høyrer det soleides med til freistnaden på å byggja eit norskrøtt Rammstein. For her er det fritt etter Rammstein både når det kjem til tekster og melodi. Til dømes er Rammsund-låti «Ich will» vorte til «Eg vil» – og den tyskkunnige tilhøyraren kann stå og trippa til den drivande hardrocken medan han humrar yver den bokstavelege umsetjingi. For «Ich will» skulde visselegt helder ha vorte umsett til «Eg ynskjer»…
Det er løgje i seg sjølv når nokre austlendingar skal umsetja frå eit språk dei ikkje rettelegt hev fenge taket på (tysk) og framføra umsetjingi på eit anna mål som dei helder ikkje rettelegt meistrar («Den neste låta heitar…»). Men Rammsund er ikkje noko Sylfest Strutle-band, ein kjenner at dei som stend på scena verkelegt er folk som vyrder norskt mål og som finn gleda i å både røkta og bruka nynorsk mål på scena.
Musikken var drivande, vokalisten var på hogget og publikum var med. Rammsund er neppe musikk som eg kjem til å høyra på i bilen eller i daglegstova, men alle som ynskte seg ein kveld på byen med øl, musikk og løgne tekster på norskrøtt mål kunde gå nøgde heim att.
O. Torheim
Nye kommentarar