Eit dikt frå ufredsåri
Under seinste (og vonleg sidste) heimsufreden var motstandsdikti viktuge for samhaldet mot tyskestyret. Desse dikti var det forbode å skriva og mangfalda, på lina med alt anna motstand. Like vel vart det skrive mange slike dikt, og nokre av deim kunde ikkje tyskarane stogga, endå dei vart prenta til ålmenn lesnad.
Bodskapen i dikti kunde vera godt duld. Eit døme på eit slikt dikt, er diktet som O. Hausle skreiv um langgodfar min, Ole Monsen Totland, i november 1940.
O. M. Totland var ein æventyrhuga kar. Ei tid budde han i Amerika, der han med anna grov gull og var med på å leggja jarnvegsskjenor. Seinare var han med på tvo selfangstferder i Nordishavet. Fyrste ferdi var dei hepne, men den andre ferdi enda med skipbrot. Til alt hell vart dei berga av ein skotsk kvalfangar. O. M. Totland var elles ein av fyregangsmennene i innføringi av revealet til Noreg, og han var ein namnfræg veidar.
Dette diktet av O. Hausle kann lesast på ymse måtar. Kva meiner han med «det verste rovdyr vi i landet har» i sidste lina i tridje strofa, og «myrkheims makter» i fjorde strofa? Jau, det er vel nazistane, det.
O. Hausle held fram O. M. Totland som eit fyredøme i motstandet mot nazistane. Men her er det fleire mogelege tolkingar, som gjorde det uråd å neitta diktet prenta. Det verste rovdyret munde beint fram vera bjørnen eller reven, han O. M. Totland hadde skote sitt av slikt.
Ei onnor tolking er òg sers berrsynt. Det kann vera alkoholen Hausle skriv um. Diktet var prenta i eit fråhaldsblad, so då lyt det vel vera «avhaldsvenen» O. M. Totland som vert heidra. At alkoholen vart umtala som eit fælt rovdyr og ei «myrkheims makt» i eit slikt blad, var ikkje noko å hevja augnebrunene for. Soleides hev Hausle fenge ålmenta eit dikt til styd i motstandet mot nazistane, utan at nazistane kunde taka honom for det.
O. Hausle var lærar på Rimstad skule og kyrkjesongar i Totland kapell (seinare kyrkja), ved Bryggja i det som den gongen heitte Davik herad, i Nordfjord.
O. M. Totland
Av O. Hausle
Snøgg og djerv, mot i bryst,
ikkje tvika eller kvida,
men når jarnet varmt er, smia,
aldri redd å ta ein dyst, –
det er slik vi Totland kjenner,
det er fest å kjenna han.
Terje Vikens lynne her du finna kan.
Ut han fór ung og yr,
over hav til fjerne blånar,
opp mot nord der skodda grånar.
Hugen stod til eventyr.
Men so gjekk det som so ofte:
heimegrenda lun og god
lokka unge viking slå seg meir til ro.
Tapre gut, mang ein tørn
tok du som vart bygdarbate,
mangt eit rovdyr måtte late
livet for deg spræke bjørn.
Men vi reknar det for større
du i leding alltid var
mot det verste rovdyr vi i landet har.
Kristen bror, avhaldsven.
ungdomseld om foten veiknar.
Vi til føredøme teiknar
for vår ungdom slike menn.
Kjend vel best som pelsdyralar,
men vår største takk du fær
for din kamp mot myrkheims makter
kvar dei er.
(Diktet er prenta i boki Mikkel rev, Bamse brakar og Ole M. Totland, av Marit Elisebet Totland og Ole Jakob Totland, Nauthydlaren forlag 2000.)
Ole Jakob Totland
(Stykkjet stod på prent i Målmannen nr 2 2003)
Nye kommentarar