Nynorskens praktiske nytte
Eg tenkjer det er tid for å slå eit slag for nynorskens praktiske nytte.
Gamle bilar, gamle hus, gamle jaktvåpen – alt dette er det mange som er interesserte i å samla på og taka vare på. Kvifor er det samstundes so liti interessa for å røkta og taka vare på vårt nedervde norske mål?
Um ein ser på sidemåls- og nynorskordskifte i kvardagen, so er det serskilt eitt argument som gjeng att millom nynorskmotstandarar, og det er påstanden um at nynorsk ikkje er eit språk som ein hev praktisk bruk for i kvardagen.
Dette argumentet heng visselegt ikkje på greip. So lenge eit språk finst og vert bruka, so finst det ein praktisk nytte av å sjølv kunna forstå og bruka dette språket. Stutt sagt: Ein hev bruk for eit språk som vert brukt. Men likevel er ikkje argumentet heilt utan substans. Ein kann bu i eit 100 år gamalt hus, ein kann gå på jakt med ein 70 år gamal mauser, ein kann køyra til jobben med ein 40 år gamal Ford Taunus. Men kva kann ein praktisk bruka det nedervde norske målet til?
Eg skal gje deg 3 gode, praktiske og upolitiske argument:
1. Ein kann skriva betre.
Lat meg få ta eit døme: Vegatarkost er ikkje i seg sjølv betre enn annan kost, men vegetarianarar er mest sannsynleg meir medvitne enn andre um kva dei puttar i kroppen sin, og dimed er kosthaldet deira mest sannsynleg meir variert og meir helsesamt enn kosthaldet åt folk flest. Likeins er det med nynorsken: Dei som vel å nytta seg av nynorsk i eit bokmålsdominert miljø hev mest sannsynlegt gjort eit medvite val av skriftmål. Ein kann soleides gå ut frå at ein nynorskbrukar generelt skriv betre enn ein bokmålsbrukar.
2. Ein fær fyrestellingane og kjenslone betre fram.
Nynorsk hev heilt frå Aasen si tid av vore eit puristisk språk. Skal ein nytta nynorsk, so vert ein tvinga til å tenkja på korleis ein ordleider seg. Ein ansar snøggare på formuleringar som ikkje heng på greip. Ein lyt skjera burt flosklar og byråkratspråk og finna endeframme og aktive måtar å ordleida seg på.
3. Ein framstår som meir ærleg og truverdig.
Målrørsla hev stødt vore ein motkultur og nynorsken hev til alle tider vorte assosiert med ymse slags politiske verdiar medan bokmålet hev vorte rekna som «nøytralt». Dette treng ikkje å vera negativt: Nynorsken vert gjerne assosiert med noko traust og bondsk og gamaldags, men kven vilde du lita mest på av ein traust gamal bonde og ein ung og dynamisk forretningsmann? Eg tenkte meg det ja. Og forsking syner faktisk at det er lettare for ein nynorskbrukar å få selt bruktbilen sin enn det er for ein bokmålsbrukar…
Vel du å nytta deg av norskt mål, so uttrykkjer du deg altso både betre, tydelegare og meir truverdig enn du vilde ha gjort det um du nyttar deg av det danske målet i Noreg (bokmål). Kva meir treng du eit språk til?
O. Torheim
Nye kommentarar