Marøys målsyn: Eit attendeblikk
Lars Bjarne Marøy var formann i Vestlandske Mållag, redaktør i Vestmannen og upptaksmann til bladet Målmannen. Han ser attende på 30 år med målarbeid og samlar trådane.
Då eg kom inn i Vestmannalaget i 1989, so vart eg levande uppglødd for Vestmannalaget og arbeidet i laget. Eg vart kjend med Ludvig Jerdal, Conrad Clausen, Helge Liland, Eigil Lehmann, Sigurd Sandvik, Jostein Krokvik og ei rad andre vener og støttespelarar for målsaki.
Han som gav det grunnleggjande skrivet som fekk meg til å verta nynorskmann var Jon Askeland. Dotter til Gustav Indrebø vart òg ei god veninda av meg. Ho var varm og god. Faren Gustav Indrebø og bror hans, Ragnvald Indrebø, laga den grunnleggjande Bibelen på nynorsk som var ferdig i 1938. Indrebø-bibelen frå 1938 var det fyrste grunnleggjande Indrebø-verket. Det neste grunnleggjande verket var «Norsk Målsoga». Gustav Indrebø skreiv so mykje som han rakk fyre han døydde. Han døydde 9 år fyre dette siste grunnleggjande verket kom ut. Då eg las boki i 1989 vart eg knytt til norsken og Gustav Indrebø for all framtidi.
Vestmannalaget: Tverrpolitisk arbeid for det norske
Vestmannalaget var fullt av folk frå alle slags yrkesgruppor og samfundslag. Det dei hadde sams var at dei glødde for norskt mål. Jamvel Harald Trefall frå Eksingedalen, den einaste politikaren på den ytste høgresida, var med i Vestmannalaget. Frå upphavet må han ha vore med på målsaki fordi han hadde mor si frå Eksingedalen. Der i Eksingedalen er folk systematiske og varme for målsaki. Jerdal fann interesse for Trefall av di han var sjølvstendig og hadde godhug for norskdomsarbeid.
Jerdal stod på kvar dag i 40 år. For Jerdal var det um å gjera å arbeida systematisk. Han vilde ha folk frå alle politiske retningar med i norskdomsarbeidet, so sant dei trudde på det norske målet. Dei som veik av frå målet eller berre hengde seg upp i politikk, dei kom ikkje langt i Vestmannalaget.
Jerdal var hundrad prosent klår på at målsaki og i-målet skulde fram. På 50-talet kjempa han mot mållagsleidingi i Oslo. I 1956 vilde dei få Jerdal burt frå redaktørstillingi i Norsk Tidend, og dei laut kjøpa honom ut for ein stor pengesum. Den nye leidingi i Noregs Mållag høyrde til den flokken som heilt frå 1938 av var i gang med å drepa ned det Aasen-målet som ein finn i Indrebø-bibelen.
Etter at Jerdal hadde vorte kasta ut frå Noregs Mållag i Oslo, so var Jerdal attende i Bergen der han vart bladmann i den kristne avisa Dagen. Der vart han verande ut arbeidslivet.
Den mest umgjengelege leidaren i Dagen, Arthur Berg, fremja både norsk og norskdansk. Ein kann tenkja seg at Berg kunde ha gjenge lengre for høgnorsken, men det var krevjande å få med seg både politiske gruppor og og andre hopehav, so han heldt att på målbruken. Dagen var mykje viktugare og nådde mykje lengre ut enn det Norsk Tidend gjorde, og Indrebø-Bibelen heldt seg som det grunnleggjande verket som alle laut ha tilgang til. Dagen-redaktør Arthur Berg gjekk so langt som han til kvar tid kunde gjera for å halda uppe den beste bibelboki med den grunnleggjande norsken. Endå han ikkje kunde skriva på langt nær so mykje som han burde ha havt høve til på nynorsk, so var han varm for alle sidor.
Jerdal måtte stydja dei som var for kristendomen og læra der, men han hadde stor fridom til å fremja godt norsk mål, både i formverk og ordval. Og det heng nært i hop med Vestmannalaget der han hadde varme, nære og aktive folk som alltid arbeidde systematisk for å få fram det grunnleggjande norske. Det var 12-14 møte i Vestmannalaget kvart einaste år, og det var lite saman med all skrivingi til Jerdal og spelingi av folkeviseleiken og andre øvingar. Jerdal administrerte og han gav fram det eine etter det andre av arbeid, for han hadde slite 3 år i krigen, fanga hjå tyskarane, men han såg det gode i målsaki. Han såg fyre seg at folk som trykte ned det norske slik som kommunistar, fascistar og realistar og anna slikt som ikkje kann diskutera, dei er ubrukelege. Um ein derimot er i stand til å tenkja logisk og systematisk, då vert ein i stand til å sjå den indre samanhengen i det norske målet – og då er ein i stand til å halda målet saman, so lenge i-målet ikkje er heilt drepe ned.
Um ikkje dette var nok so var Jerdal aktiv i å spela folkemusikk. Han skipa til og med nasjonale målstemne. Og han spelar god musikk jamvel um det var grunnleggjande og fantastisk gode verk han skreiv. Venene og støttespelarane hans var mange, og ein av dei var Finn Vabø. Mannen som spela inn 791 folkemusikklåtar og som spela for alt og alle. Jerdal dreiv dei vidare og samla trådane frå den tradisjonen som tok til i 1896. I 1996 måtte eg, Lars Bjarne Marøy, som ikkje er musikalsk i det heile, vera ein som grunnleggjande sett tok seg av det praktiske arbeidet, og det gjorde eg so og segja åleine med Finn Vabø. Jerdal var for gamal til å driva organisering, men han gjorde det godt på songstund.
Men Vestmannalaget hadde ikkje berre ei rad menneske som var grunnleggjande målfolk og som jamt og trutt arbeidde for store saker. Dei fekk med seg bergensarar som like å koma i Vestmannalaget av di det var ein stad der ein kunde snakka både um målsaki og dei mest mangslungne og dagnære saker elles. Vestmannalaget vilde gjerne møta folk med nye perspektiv på målsaki, og laget var ikkje noko pengelag. Det var lite pengar å bruka av der og folk kunde arbeida hardt for å skaffa pengar til store prosjekt. Men når prosjekti endeleg vart fullførde, so kunde det vera store og grunnleggjande prosjekt. Dei gav ut viktuge bøker og dei knytte til seg andre verksemder som til dømes biletkunst. Med slike prosjekt drog dei ressurssterke personar til seg. For dei visste at Vestmannalaget var eit lag som trudde på ei sak, og når dei fekk høve til å arbeida systematisk og målretta for det norske, då var dei på bana med ein gong.
Til dømes hadde ein folk som Arild Haaland. Han var ein av mange store fyredragshaldarar i laget. Millom anna so gav han den 28. november 1978 ei grunnleggjande framstelling av verket til Henrik Ibsen. Haaland var ein politisk medviten mann som arbeidde systematisk for det han meinte, og som ein fekk hundrad prosent studnad frå når ein vilde meina noko.
Haaland var slik at han tenkte grunnleggjande på at det skulde vera råd å få folk til å vera aktive og tru på målsaki si, og han let seg aldri stogga av politikarar. Han braut med politiske fyresegner når det ikkje passa for honom.
Her kann det dragast inn mange sentrale personar i Vestmannalaget i utruleg mange samanhengar. I dag er vel den eldste eller iallfall ein av dei i Vestmannalaget Leiv Flesland. Eg vil nemna sportsmannsinteresserte Flesland som no er heidra i Vestmannalaget. Alt på 1960-talet arbeidde Flesland med å hevja kompetansen på det å halda gode, kvalifiserte og lovlege møte. Flesland og Haaland er so langt undan innvandringsmotstand som ein berre kann koma. Men dei var sjølvstendig tenkjande menneske.
Det same kann ein slå fast um Harald Trefall. Når Jerdal valde å gå aktivt inn for Trefall, so var det av di han var kompetent. Trefall var systematisk so det heldt. Ingen politisk administrasjon kunde setja lovverket og rettsstellet til sides, meinte Trefall. Samstundes var han klår på at saki skulde vera i best råd for folk. Og ein skulde ikkje drepa ned det norske. Ein skulde ha rett til å kjempa for både norsk og norskdansk, men alt skulde gjerast på forsvarleg vis.
Trefall var berre ein av svært mange ressurssterke einskildpersonar i Vestmannalaget. Det finst hundradtals av artiklar knytte til dei.
So kann ein spyrja seg kva var det han stod for. Han var systematisk, grundig og jordnær, men ein stor tenkjar med, og han var ein som underviste i fysikk. Folk som Trefall skulde vera sentrale i Vestmannalaget, for dei let seg ikkje fanga i einsrettande politisk ideologi, men dei viste fram ein måte å sjå politikken sin på.
Trefall studde målsaki, men han fekk aldri uttala seg um politiske saker på møte framfyre folk som ytra seg i Vestmannalaget. I Vestmannalaget snakka ein ikkje um politiske saker ut frå rein politikk, men ut frå at me skulde ha norsk og fremja det grunnleggjande norske målet. Det såg politikarane, og difor var det at dei som berre var reint politiske folk, dei kom aldri på møte i Vestmannalaget. Dei heldt fram med propaganda andre stader. Men her skal ein merka seg at dette einast galdt politiske folk på grasrotnivå. Millom høgståande politikarar var det mange som såg lengre enn til det reint ålmennpolitiske, og som søkte seg til den tverrpolitiske møteplassen som Vestmannalaget var. Slike namn var til dømes Arild Haaland og Thoralf Rafto.
Då Jerdal var kring 80 år hadde han leidd Vestmannalaget i 40 år. I 1991 tok Leidulv Hundvin yver laget. Hundvin var ein nær etterkomar i ætti mi, men det er ei onnor sak. Hundvin fekk tilbod frå meg til alt arbeid eg kunde frå eg var 22 år. Eg gjekk åleine inn som målmannen millom dei unge, fordi eg som bergensar trudde på målsaki. Slekti mi var varm for målsaki, og eg vilde taka vare på mor mi sitt målsyn og stydja alle som stod for det same. Sjølv hadde eg mist far min då eg var 1 år, og han fekk aldri vist alt det eg hadde fenge av indre innslag. Det måtte eg i staden læra meg sjølv. Eg fekk all studnad og hjelp frå vener og kjende ikring, og Vestmannalaget var fanasaki mi. Eg ofra alt anna for at målsaki skulde fremjast.
Dei nye ungdomane vilde stå for det norske, men såg ikkje det store bilætet
Eg kjempa for målsaki, men hadde den gongen ein sjukdom som plåga meg. Difor fekk eg aldri arbeidt skikkeleg saman med alle i Bergen. Alle som var for høgnorsk hadde ulike tilnærmingar. Alle vart blanda og ingen forstod kvarandre, fordi den norske målsaki vart fanga av politikken i Oslo alt på 1930-talet. Det norske målet hadde vorte møtt med tvang og motarbeiding heilt frå 1850-talet av, og sentrale målfolk som Martin Birkeland, Koht og Skard fekk aldri sett og forstått noko av det store verket i nynorsken. Dei trudde dei hadde vunne millom 1850 og 1930. No skulde alt berre samlast saman.
Men Gustav Indrebø såg feilteikningi, og han gjorde alt det grunnleggjande han kunde for at i-målet skulde kunna halda seg uppe. Broren hans gjorde det same, han fekk ut Bibelen på i-målet. Det grunnleggjande målet, og alle som var kristne og som trudde på målsaki eller som iallfall trudde på saki, dei stod saman um målsaki. Dei fekk den solide norsken på vegen, medan andre vart for banale og kom ikkje langt nok..
Med Bibelen åt Ragnvald Indrebø og med Norsk Målsoga av Gustav Indreø var den grunnleggjande infrastrukturen for det norske målet og den norske målrørsla komi på plass. Målrørsla hadde arbeidd trottugt sidan 1850-talet, og hadde dei halde fram det gode og systematiske arbeidet so hadde dei vunne. Målrørsla var i posisjon til å koma med offensive krav som nynorsk styringsmål ved Universitetet i Bergen. Einaste måten å stogga målrørsla på var å taka brodden av heile målsaki. Målrørsla sine beste argument var at målet var norsk og at det var fylgjerett, einskapleg og lett å læra. Nett dette var det at Oslo-folki greidde å øydeleggja.
Indrebø fekk ikkje sluttført arbeidet i tidi under krigen, for han døydde, men grunnboki hans kom i 1951. Det er den einaste boki som trengst, attåt Ivar Aasen sine verk og Indrebø-Bibelen. Alt anna er berre noko ein må læra seg sjølv og kann læra seg sjølv, so lenge ein er kompetent.
Dette hadde eg lært meg og slik trur eg på saki enno. So var det slik at eg ikkje kunde vinna årsmøtet i Vestmannalaget i 2001, men eg vart vald til stjorni saman med Harald Linga, etter at Askeland var komi til makti. Då måtte eg ta det med ro. Eg var for sjuk til driva tungt organisasjonsarbeid etter det som skjedde i 2000 og 2001. Eg gav ut 10 nummer av Vestmannen og tok ei rad andre avgjerder. Dessutan lærde eg å sjå at det var folk som hadde kome seg inn i målrørsla berre for å verta styrde av statens styringsvelde. Organisasjonsarbeidet og målpolitikken vart måta etter pengeyverføringar som staten skulde ha kontroll med. Det vilde eg arbeida mot heile tidi. Eg tok so lite pengar eg kunde, men eg fekk ikkje arbeid, og difor måtte eg ha noko. 2000 kr tok eg for kvart nummer av Vestmannen. Det var kome inn 400 000 kronor i kassa, so dette var ikkje dei store pengane, og det kom inn pengar på anna vis òg.
Saman med folk i Studentmållaget hadde eg sett at idealistiske folk med god framferd kunde koma langt. Pengar var ikkje det grunnleggjande, men at ein hadde ei god sak.
Diverre var det unge folk som hadde lause idear som ikkje hang saman med soga. 140 års innsyn i det norske målet vart til det som skjedde beint fram for nasa på dei.
Det grunnleggjande med det norske målet var slik eg set det saman slik:
Ivar Aasen kom med det grunnleggjande målet kring 1850. Alt måtte byggjast upp og dei som var dei lærde styrarane stod på. Frå slutten av 1800-talet av var det kome langt i utdanning av det norske målet. Alle måtte ha grunnleggjande upplæring i nynorsk, og dei som var dei lærde med utdanningar frå den danske tidi var komne til makti frå upphavet og vidare, men dei nye vilde ikkje hadde desse gamle førarane. Dei vilde ha sjølvstendige og sterke norske menn som brann for målsaki. Denne krafti tok seg fram og Aasen-målet vann fram til 1917. Folk som Garborg kom med målet og dei grunnleggjande tekstene frå andre land som kunde gjeva oss innsyn i historiesoga og andre grunnleggjande stader og verk. Ein var ikkje bundne til å ha dei åleine, men dei var grunnleggjande.
Folk som kom frå ulike delar av landet greidde ikkje alltid å fylgja med – for det norske målet var tilbod og mål mot heile landet. Mange trudde dei fyrste måtte skriva norskdansk og deretter trudde dei at dei måtte knota. Dei vilde skriva slik som dei snakka, og dei som ikkje fekk lært seg å skriva grunnleggjande, dei vilde halda fram med å skriva slik som dei snakka. Dei fleste lærde seg at dette var meiningslaust, men ikkje alle, og nokre vart so stengde i språket slik dei skriv at dei ikkje kunde nytta det norske målet.
Nokre insisterte på at ein ikkje kunde halda på upphavsmålet til Aasen. Det var noko som vituge folk ikkje vilde ha gjort og som Aasen vilde ha sett seg imot heilt grunnleggjande. Men saki var slik at det var folk som burde å sjå at det var snakk um at det skulde koma både lærde folk til å skriva og lærde folk til å snakka. Dei fleste måtte berre klara seg med det målet dei hadde, dei var berre interesserte i praktisk arbeid utan å ha det vanskeleg med språket. Difor kom millom anna høvet til at nokre kunde bruka a-mål som kom inn og skulde vera hjelpesmann.
Men den grunnleggjande delen av målet var sogemålet, for folk trudde på målsaki. I 1917 gjekk dette bra, men so kom det ei rad endringar i politikken fram til 1930-talet. Då vert det kaos millom Venstre og Arbeidarpartiet, og det grunnleggjande ein kann slå fast er at Indrebø kunde slå fast at dersom det ikkje vart snakk um å halda fram med å kjempa fram i-målet som ein viktig kraft, då kom det til å gå gale. Indrebø vilde ikkje tvinga i-målet på folk, men fremja det med friviljuge hjelpesråder.
Indrebø held på at ein må vera fleksibel og at det folk hev ikkje må endrast heilt blindt etter ei politisk avgjerd, men dei gamle lærde i Noreg var mektige, og det kom ei ny kraft der ein kunde vera sjølvstendig og der ein kunde leggja um på både norsk og norskdansk og på mange andre måtar. Men i upphavet so skulde ein likevel pressa frå kvar sida. Det er eit synsleite å sjå det frå, men so var det det òg som slik som ein såg det att.
Frå systematisk arbeid for det norske til pengejakt og politisk propaganda
Når Martin Birkeland dreiv fram arbeidet sitt i med folkehøgskulen i Fana vart han ein aktiv kar som fekk folk med seg, men han hadde ikkje dei same ressursane når det kom til språket. Her skulde han tvinga fram a-målet for kvar ein pris. Slik dreiv han upp den striden som Indrebø såg vilde vara i 30 år. Det skulde aldri hadde skjedd. Ein skulde ha arbeidd praktisk og målretta for saki, men utan å ty til totalitære verkemidlar.
Striden og det grunnleggjande i målsaki vart ei stor sak frå 1945 til 1970. Då vart det open strid millom tvo sidor. Etter 1970 og frametter gjekk ein burt frå å ha tanken um systematisk arbeidsmiljø med tilknyting til staten og mykje systematikk. No skulde alle tenkja mykje og vera avanserte, medan dei gamle skulde tynast ned til å verta fanga av systemet, tilpassast etter so langt ein klarde. Pengar derimot, det skulde ein ikkje fremja for saki. Folk skulde tenkja sjølvstendig og finna sine eigne retningar, men fyrst etter at det upphavlege norske målet var ute or bilætet.
Det fanst framleis folk som tenkte sjølvstendig, og sume byrja innsjå at det hadde skjedd noko hakkande gale og at ein laut styra på nytt vis. Men staten fanga folk i systemet sitt no, for alle som skulde ha pengar til målarbeid laut retta seg inn etter systemet. Det skjer med at du må ha registert nok folk til å vera medlem. Du skal ha flest mogleg folk som er unge og som styd kvarandre politisk sett. Det er det som ein vart upplærd til i både Tyskland og Russland og andre stader. Dei vilde syta for at dei som tenkte slik som det høvde leidingi, dei kunde ein styra og kosa seg med. Det skulde vera mange som ikkje var lærde, men som skulde vera heilt firkanta utdanna. Slikt var totalt i motsetnad til Vestmannalaget som kom i 1868, der folk skulde tenkja grunnleggjande og sjølvstendig og hadde gjort i all tid.
Men no hadde meiningsterroren kome til norskdomsrørsla, og dei som ikkje vilde læra av fyregangsmennene, dei skulde tyna sjølvstendige folk. Slik gjekk dei fram med alle som let seg fange i arbeidet for ei rørsla, ikkje minst ungdomsrørsla for målsaki. Folk vilde ha pengar. Dei var nokre fåe sentrale personar som var knytte til mållaget. Og det dreiv dei på med og dei trudde det hekk i hop med Vestmannalaget, men det gjorde det slett ikkje.
Det viktuge var ikkje lenger å få målsaki fram, men å få tak i pengar. Staten og politikarar som svivyrde målsaki og som vilde drepa målet ned, dei gledde seg. Dei pøste på med pengar, og slik fekk dei hjelpt fram personar, tendensar og arbeidsmåtar som berre førde målrørsla på villspor. Det viktuge var at Indrebø og arbeidet hans ikkje skulde vera nokor rettesnor.
Ein av dei som vart fanga inn det systemet som einast handla um å få tak i pengar, han vilde ha målsoga åt Indrebø utgjevi på nyo. For då kunde han få tak i pengar og koma seg vidare. Det vart hevda at eit kapittel frå den upphavlege målsoga var lurt burt, at Austlandet ikkje fekk koma godt nok fram og at Indrebø ikkje hadde fenge fram alt det som han hadde. Men storverket til Indrebø var det som kom ut i Bergen i 1951. Striden som var på den tidi gjorde at ein laut arbeida med umtanke. Ingen vann pengar på eit verk av Indrebø. Og det var ikkje gjeve noko yvergrep at ikkje alt kom med, for les ein upphavsverket, so det er klårt nok at her var målet å koma seg so langt ein kunde. So kunde ein sjå det heile undervegs, og det måtte ein. Når det var strid.
Men for folk som er politiske stridsfolk, so er det fritt fram til å framstella det heile på ein heilt annan måte når ein ein hev kome seg til 1980-talet. Då skal ein fylgja det som politikarane vil ha ein til å gjera – og so skal ein ha tru på seg sjølv, grava til seg eigne politikarar og bruka dei ressursane ein skaffar seg. Staten kosar seg. Han sender folk til rettssystemet og gjev dei ein månad i fengsel, og so hev ein fenge seg eit system der ein anten er firkanta og destruktiv eller so lærer ein seg ikkje noko som helst.
Andre unge målfolk vart politisk fanga, og ein av dei mislika ein som eg bruka til å arbeida med målsak. Han som eg arbeidde med, Olav Torheim, såg systematisk på det heile – so han såg kva som var viktig når ein skulde arbeida. Då skulde ein arbeida systematisk og utan pengar og ein skulde leita seg fram til upphavet. På same måten som Indrebø-brørne med Bibelen og målsoga, so forstod Olav Torheim at det framfor alt var viktugt å byggja ein infrastruktur for det norske.
Nokre ungdomar gjorde upptak til ulike prosjekt og vilde gjerne ha pengar til prosjekti um dei kunde få det. Men andre kom med pengar og vilde nytta pengemakti si til å avgjera kven som skulde styra. Og då var det slutt. Då drap ein ned det grunnleggjande for ei sjølvstendig rørsla.
Radikal Portal svertar idealistiske norskdomstiltak
Nyleg kom eg yver eit anonymt forfatta innlegg på nettstaden «Radikal Portal». Grunnleggjande sett so hev den anonyme artikkelforfattaren forstått mykje av det som gjekk fyre seg i Vestmannalaget og høgnorskrørsla. Han fekk med seg framgangen min med å skriva.
Han skriv sjølv um meg:
«Målmannen har sitt utspring fra det nå nedlagte tidskriftet Vestmannen, et blad som mellom 1985 og 2009 var et talerør for mållaget Vestmannalaget. I år 2000 tok Lars Bjarne Marøy over som redaktør for Vestmannen og startet en fornyelsesprosess. Inn i redaksjonen kom nå nye krefter og man mente selv at man skulle ta Vestmannen og gjøre det om til det ledende språkpolitiske tidsskriftet i Norge.»
Det tykte eg var ei heilt greid uppsummering, so denne bokmålsskrivande artikkelforfattaren forstår seg tydelegvis godt på målpolitikk.
Nedanfor kjem det noko anna. Her er det ingen fakta. Han veit ingenting og diktar fritt upp:
«I samme tidsperiode fikk mållaget et større innskudd av penger. Dette bidro til å styrke den fraksjoneringen som allerede var i mållaget. Den ene gruppen, med Lars Bjarne Marøy og Olav Torheim i spissen, ville legge fokus på Vestmannen mens den andre ville satse mer på kulturtilbud, museer og lignende.»
Her vert saki interessant når ein ser frå min ståstad.
Den 20-årige Olav Torheim var ikkje til stades i Vestmannalaget i år 2000, han var i Nord-Noreg i forsvaret. På møte i Vestmannalaget var han aldri på denne tidi. Det var han helder ikkje i 2001. Han arbeidde for same sak som meg, men budde på Austlandet på denne tidi.
Likevel framsteller artikkelforfattaren Torheim på eit heilt anna vis.
At eg og Olav Torheim samarbeider i 2000 i Vestmannalaget, det heng ikkje på greip: Det er rein sogefalsk og skammeleg politisk agitasjon for å slå ned på folk som arbeider for målsak i heile Noreg.
Det stemmer at eg arbeidde saman med Harald Trefall, men det var berre um mållag, aldri noko anna. Eg vilde aldri snakka noko med honom um politikk, det same galdt alle andre politikarar som var heilt imot nynorsk.
Trefall valde å stydja meg i striden i Vestmannalaget, jamvel um han ikkje fekk den same studnaden frå meg i ålmennpolitikken. Alle som var til stades på dei stormfulle årsmøti i Vestmannalaget såg kor klårt og logisk Trefall argumenterte.
Eg tapte i røyndi ikkje valet i 2000, men på grunn av rot vart det naudsynt å halda eit nytt møte. Då var det ingen tvil um røystingi. Eg vann dette klårt, endå andre vil framstella det fyrste møtet rangt. Men dei kom seg yver det på eit år, og då eg i praksis drog meg attende i 2001 so tenkte eg at Jon Askeland kunde verta ein samlande leidar. Diverre let det seg ikkje gjera å samarbeida, so eg var med på å gjera upptak til eit nytt målpolitisk organ. Og her var det at 21 år gamle Olav Torheim fekk ei leidande rolla.
Her skynar artikkelforfattaren tydelegvis noko grunnleggjande:
«Den såkalte Marøyfraksjonen tapte kampen og Marøy tapte posisjonen som redaktør. Vestmannen reduserte utgivelsene fra ti til seks nummere i året og den tapende parten så seg om etter andre alternativer.»
Men so byrjar det å verta tydelegt kva slags ærend artikkelforfattaren i røyndi er ute i:
«Omtrent samtidig var Olav Torheim innblandet i to andre bemerkelsesverdige kamper. Den ene handlet om at Harald Trefall, tidligere FRP-politiker og senere grunnlegger av det rasistiske partiet Fedrelandspartiet, i 2000 ble valgt inn som varamedlem av styret i Vestmannalaget og i løpet av de neste to årene satt som møteleder under flere kontroversielle møter.»
« Dette ga ham oppmerksomhet fra Bergens Tidene og Norsk Målungdom reagerte med å vedta en resolusjon mot at Trefall fikk ta del i Vestmannslagets arbeide. Olav Torheim var sterkt mot resolusjonen. Den andre saken gjalt en nazist som ble medlem av Norsk Målungdom for så å bli utkastet på grunnlag av en rasismeparagraf i deres regelverk. Bruken av denne paragrafen var også noe som gjorde Torheim svært opprørt.»
Heile vinklingi i teksti avslører at det fyrst og fremst er um å gjera å sverta Torheim. Artikkelforfattaren gjeng laus på ein 21 år gamal idealist som gjer upptak til eit nytt målpolitisk blad. Han freistar gjera dette til noko suspekt med di han konstruerar ein allianse med Harald Trefall, som han freistar stempla som rasist. Men Olav Torheim var ikkje i Bergen og hadde aldri noko samarbeid med Harald Trefall. Det var det eg åleine som hadde, og det handla um målsak og målarbeid, ingenting anna.
Koplingi til Trefall vert sett upp heilt utan rot i røyndomen. Trefall var med på møte i Vestmannalaget, men kvar einaste gong etter han kom til praktiske møte i Vestmannalaget eller andre stader, so sa eg detaljert korleis eg kom til å gå fram, og han passa alltid på at eg gjorde dette på forsvarleg måte, organisatorisk. Alltid organisatorisk. Alltid, og dette kann stadfestast frå ein som politisk stod på den andre sida, Helge Liland.
Trefall tilbaud seg å vera ordstyrar på det umframme årsmøtet i Vestmannalaget. Ingen kunde ha styrt møtet betre enn det han gjorde. Sjølv vart eg heilt utsliten av målfolk som krangla og var forvirra.
Og mi meining er at folk skal få snakka ut so langt som dei kann um både fakta og dilldall. Um ein er litt streng i ordvekslingi.
Trefall var møtestyrar på tvo viktuge årsmøte, og eg valde å gjera honom til fyrste varamann i styret. Av di han skulde arbeida for nynorsk. Me tala aldri um ålmennpolitikk. Aldri.
So vert det påstått eitkvart anna um Olav Torheim og Norsk Målungdom. Han skal ha reagert sterkt på at ein «nazist» vart ekskludert frå målungdomen, skal det heita seg. Aller fyrst so vil eg slå fast at det var Torheim som var viljug til å stydja Norsk Målungdom. Det var ikkje eg, eg heldt dei på armlengds avstand heile tidi. Til meg hev Torheim fortalt at han ikkje kjenner til nokor eksklusjonssak i Norsk Målungdom i det heile, og eg ser ingen grunn til å ikkje tru honom. Den einaste kjende eksklusjonssaki i målungdomen er ei sak frå slutten av 80-talet, lenge fyre Olav Torheim si tid. Det er ei sak som neppe nokon hev lyst til å rippa upp att i, men eg kann i alle fall segja so mykje som at ho ikkje hadde noko som helst med «nazisme» eller politikk og ideologi å gjera.
Haldor O. Opedals fond løyvde mykje meir pengar til Håvard Tangen sitt arbeid med nyutgjeving av Norsk Målsoga enn det som nokosinne vart løyvd til Målmannen. Det enda med at restupplaget vart kjøpt av Nynorsk Antikvariat og boki er spreidd for vèr og vind. Medan Målmannen held det gåande enno – 20 år seinare.
Det som ein kann slå fast var at det i Vestmannalaget alltid var semje um at ein ikkje skulde fremja ålmennpolitikk, men ein skulde arbeida politisk for å få det norske målet fram. Eg studde aldri Trefall politisk, men Trefall studde upp um Vestmannalaget sitt arbeid for norsk mål, og det var det einaste som talde for oss i Vestmannalaget.
Lars Bjarne Marøy
Sjå dessutan: Umtala av Harald Trefall på sambandet.no
Nye kommentarar