Nynorsk forsvarsgruppa vart kuppa: Thorgeir Holm med upolitisk sensur-aksjon

FIENDSLEG YVERTAKING PÅ «FORSVAR NYNORSKEN»: Thorgeir Holm hev teke seg til rettes på gruppa «Forsvar nynorsken» og kasta ut alle andre administratorar. Dei utkasta er sentrale målfolk.

Etter å ha sikra seg kontroll med gruppa «Forsvar nynorsken», som tel 1400 medlemer, so hev han på eigi hand endra på fyremålet åt gruppa. «Forsvar nynorsken» hev heilt sidan starten i 2015 vore ei gruppa som hev havt ein klår fyremålsparagraf: Det sviv seg um å forsvara nynorsken i ei tid då globaliseringi trugar både lokal og nasjonal kultur. No freistar Holm å grunngje sjølvtekti si med at det hev vorte diskutert meir enn reine språkspursmål i gruppa.

Thorgeir Holm hev ikkje på noko tidspunkt freista diskutera med andre i administratorgruppa, han hev på eige tildriv kasta folk ut og deretter gjenge offentleg ut og proklamert kuppet sitt.

Kuppet vart offentleg proklamert um morgonen 14. januar 2021.

Holm hev møtt sterk motstand i gruppa etter at han proklamerte kuppet sitt. Ikkje ein einaste kommentator hev gjeve honom tilslutnad.

INGEN STUDNAD: I kommentarfeltet hev ikkje Holm møtt nokon ting anna enn motstand.

Holm hev alt rokke å reinska burt etter måten mange diskusjonar og innlegg, og mange ottast no at gruppa kjem til å verta like dvask og keidsam som andre facebook-gruppor. Når både det målpolitiske mangfeldet og den politiske brodden vert burte, so kjem interessa og relevansen til å visna vekk.

Dette er dei utkasta administratorane

Det er kjende namn frå målrørsla som den langt meir anonyme Thorgeir Holm hev valt å lempa ut:

  • Liv Ingebrigtsen, tidlegare leidar i Noregs Mållag
  • Roger Lockertsen, tidlegare skrivar i Noregs Mållag
  • Hans Olav Brendberg, tidlegare leidar i Norsk Målungdom
  • Wenche I. Sola, mangeårig grasrotaktivist frå Rogaland
  • Olav Torheim, redaktør i tidskriftet Målmannen og tidlegare nestleidar i Ivar Aasen-sambandet og Høgnorskringen

Wenche I. Sola umtalar stoda slik:

-Det er trist at noko slikt kunne skje. Eg trudde at me skulle arbeida for nynorsk og ikkje motarbeida kvarandre, slik som her. Trist… .

Høgnorskringen stør ikkje Holm

Thorgeir Holm, som til dagleg arbeider som frilansumsetjar, er i dag nestformann i Høgnorskringen. Målmannen hev vore i samband med formannen Ole Kristian Grønneng for å høyra korleis han steller seg til saki.

Grønneng segjer på telefon til Målmannen at Høgnorskringen ikkje hev noko med denne saki å gjera, men personleg tykkjer han ikkje det som Thorgeir Holm hev gjort er noko bra.

SNAKKAR MED SEG SJØLV: Etter å ha berre møtt motstand i kommentarfeltet, so «konstaterar» Holm at kuppet hans hev fenge full tilslutnad…

Fjerna globaliseringskritisk fyremålsparagraf

«Forsvar nynorsken» hadde ein tydeleg globaliseringskritisk fyremålsparagaf, heilt til dess at Thorgeir Holm tok seg til rettes og kasta administratorar, endra umtala av gruppa – og med attendeverkande kraft grunngav åtferdi si med at administratorar hadde ytra seg um meir enn reine språkspursmål. Den upphavlege gruppeumtala lydde slik:

«Nynorsken er under massivt åtak, og alle som verdset norsk kulturelt mangfelde og røkt av det norske språket må no mobilisera til kamp.

Per Olaf Lundteigen hev nyss uttala: «Historien i flere land tilsier at det folk som ikke er seg bevisst utviklingen av sitt eget språk, det folket vil erfare at mange interesser og krefter vil se seg tjent med å erstatte dette språket. Det folk som taper sitt språk, det folket taper også herredømmet i og over sitt land.»

Ivar Aasens landsmål, vidareført gjennom nynorsk-rørsla, er no ope truga ved sabotasjen mot fullføringa av Norsk Ordbok som leidinga ved Universitetet i Oslo står i spissen for.

Som part av grunngjevinga for å nedpriotera sitt arbeid med norsk språk, der ein fråseier seg andsvaret for ordboksamlingane og for å fullføra Norsk Ordbok, so uttalar dekan ved det humanistiske fakultet, Trine Syvertsen:

«Verden har fått nye økonomiske stormakter og konfliktområder. Norge er ikke lenger et homogent samfunn der vi bare kan fokusere på egne kulturelle og språklige motsetninger.»

Med andre ord, ivaretaking og røkting av norsk språkarv og kultur vert sett opp mot det å integrera seg i ei verd på veg mot globalisering.»

Olav Torheim ristar på hovudet yver framferdi åt Thorgeir Holm. Skal me ikkje våga å gjera målsak til politikk, so endar me som irrelevante bokstavtrælar, meiner han:

-Ein må undrast kvifor Thorgeir Holm vel å taka burt dette, nett i desse dagar då kamp mot sentralisering stend høgt på den politiske dagsetelen og Senterpartiet gjer det historisk bra på meiningsmålingane. Er det rett og slett ein aksjon for å hindra at målrørsla atter skal klara å verta ei politisk kraft i samfundet?

Thorgeir Holm hev ikkje vilja svara på meldingar eller ta telefonen når Målmannen hev ringt.

Redaksjonen