Aasen og Indrebø: Nyskapande norskdomstradisjon
Ivar Aasen greider å få ut velviljen på umkverve etter umkverve. Han møter alle slags folk som er forvitne etter arbeidet hans, han fær skriva og dikta på det nye norske målet sitt og han fær lært det burt til andre. Ivar Aasen vart ein institusjon i seg sjølv, det var neppe nokon andre som kunde ha gjort det betre.
Men so er Aasen ute i 1896. Han er daud. Det neste store namnet som eg ser fyre meg er Gustav Indrebø. Målvitskapleg og språkpolitisk var arbeidi hans avgjerande for at det norske målet fekk etablera seg som eit livande bruksmål. Han fekk det beste norske målet inn i tunge institusjonar som kyrkja og universitet. Alt det arbeidet som den mannen greider å få gjort er beint fram heilt utruleg.
Med 1938-rettskrivingi vert heilt sentrale målmerke i norsk hogne ned. Medan Aasen-målet kjem intuitivt, so er den nye statlege rettskrivingi usystematisk og tung å læra seg. Det er Arbeidarpartiet med Halvdan Koht i spissen som gjeng inn for å blanda saman bokmål og norsk, med det som vart kalla for samnorsk. Det gjer målsaki vonlaus for alle, men det er nett på dette tidspunktet at Indrebø gjer det utruleg viktuge arbeidet med å få ut den fyrste fullstendige nynorskbibelen. Han og broren Ragnvald Indrebø greider akkurat å få Bibelen på plass i 1938.
Arbeidet med Bibelen heldt Indrebø att frå andre arbeidsuppgåvor. Dessutan kjem kombinasjonen med alt det andre som han tok på seg på 1930-talet med å få norskt mål inn i det offentlege, som på universitetet. Her er me inne på alt det grunnleggjande som Indrebø kjempa fram, og han vinn ikkje ein gong å få ferdugt hovudverket sitt um den norske målsoga. «Norsk målsoga» kjem ikkje ut før etter at han er daud. Hadde dette verket kome ut tidlegare, so hadde heile det norske målordskiftet havt eit heilt anna diskusjonsunderlag. Kann henda endskapen på målpolitikken hadde vorte ein heilt annan.
Det var mange som vart nytta til å arbeida med Bibelen som Indrebø-brørne redigerte, men Alexander Seippel vert den viktugaste.
Alexander Seippel stod attum den fyrste bibelumsetjingi til norsk, den sokalla «fyrebilsbibelen» frå 1921. Seippel gav seg i kast med det gamle testamentet, og han bruka eit livande og folkelegt mål. Han sa at målet skulde vera «so folkelegt som råd var; difor sette eg meg fyr at eg inkje ville skrive ei setning som eg inkje visste eller trudde at ein norsk bonde kunde segja».
Med kvart som Seippel sitt arbeid skreid fram, so vart bibelbøkene utgjevne i hefteform. Mosebøkene kom i tur og orden frå 1905 til 1912, og etterpå fylgde andre bibelske bøker. Dei fyrste bøkene kom frå Samlaget, men frå 1915 tok Bibelselskapet yver. Korleis dei greider å få samla so store mengder som i alt 1200 sidor, det må ein berre spyrja seg. Det er fleire enn berre Seippel som er aktive, men Seippel hev ry som ein person med svært godt yversyn. Åge Holter segjer at «[i] Alexander Seippel nådde norsk bibeloversettelse det høyeste som noen gang er prestert».
Det er verdt å merka seg at Fyrebilsbibelen frå 1921 kjem 9 år fyre den fyrste norskdanske Bibelen (1930-utgåva). Det er med andre ord ingen tvil um at den fyrste «norske» bibelen var på nynorsk, og ikkje på bokmål. Helder ikkje i 1921 var det Bibelselskapet som var utgjevar, det var Studentmållaget i Oslo. Til den offisielle utgåva frå Bibelselskapet var det framleis ein stor jobb å gjera. Seippel og Hognestad hadde gjort mesteparten av umsetjingsarbeidet, men det var Gustav Indrebø som hadde andsvaret for rettskrivingi. Seippel heldt fram med å umsetja skrifter til norsk. Dette var naudsynt, for fleire av skriftene i 1921-utgåvar var umsetjingar frå andre nordiske språk og ikkje frå grunnspråket. Det kom difor fleire hefte med bøker som Seippel hadde umsett. Dette var gode umsetjingar som jamvel vart nytta mykje seinare under arbeidet med 1978-utgåva.
«Indrebø-bibelen» kom ut i 1938, då Det Norske Bibelselskap for fyrste gongen gav ut Bibelen på norsk. Umsetjingi vert ofte sett på med uttrykket NO38. Dei gav då ut ei revidert utgåva av 1921-utgåva, men mykje av det som var typisk for Seippel sin språkbruk var tona ned – og soleides skil dei samstundes lag med den Seippel-påverka bokmålsutgåva som kom i 1930.
Me ser fyre oss at det må ha vore sers kunnskapsrike folk som stod for dette arbeidet, men den gongen var det ei onnor tid. Ivar Aasen var ein som hadde lært seg fram til store kunnskapar, men han lærde mest av å ha kontakt med andre kunnskapsrike personar. Det er ikkje so lett å vita korleis ein skal gå fram for å systematisk finna fram til den kunnskapen som ein treng og korleis ein skal få andre kompetente personar med på laget. Mange av dei kunnskapsrike personane, slik som med prestar, hadde mykje av kunnskapen med seg heimanfrå. Aasen slapp å læra burt den same kunnskapen til alle slags slumpesame personar. Han finn fram til dei beste personane kvar gong og finn seg nye tilnærmingar til arbeidet sitt når det trengst.
Aasen lagar til det eine etter det andre som han kann byggja vidare på i samspel med folk frå andre stader. Han finn seg til rettes på andre umkverve der han kann tileigna seg ny kunnskap og samstundes læra eigen kunnskap burt til andre. Aasen finn bøker og avhandlingar både frå utlandet og frå Noreg. Han freistar sjå saker både frå sitt eige synsleite og frå andre sitt. Det trengst meir enn berre èi vinkling dersom ein skal vinna heile folket for det norske målet.
Aasen treng å få med seg alle som han hev ikring seg. Det gjeld å taka vare på kunnskapen og kompetansen. Alle er der og dei kann hjelpa kvarandre med å finna gode løysingar. Slik heldt dei Aasen-målet på plass heilt fram til 1938. Då var det slutt.
Aasen fann det underliggjande systemet for både austlandsk og vestlandsk, det var dei same typeformene som låg i botn. Men dette vart ikkje fylgt upp etter 1938 – for då ser ikkje folk lenger likskapen millom dei norske målføri i skrivingi.
Dei vali som Ivar Aasen sjølv gjer er grunnleggjande viktuge på mange umkverve. For han ser korleis heile målet lyt sjå ut for at det skal verta det beste og lettaste målet å arbeida med. Det var um å gjera å få målet brukande og få det best mogleg for flest mogleg menneske. Alle målføre skal kunna finna seg sjølve att i skriftmålet, heile strukturen i Aasens mål kann førast attende til korleis folk tala i kvardagen.
So Aasen hadde som eit grunnleggjande mål å ha eit ferdig samansett språk som hekk i hop og som kunde underbyggjast med å høyra korleis folk tala. Det skulde berre finnast èin måte å skriva norsk på, og alle dei norske målføri skulde stå på like fot innanfor dette råmeverket. Um ein var frå Vestlandet eller Austlandet spela ingi rolla, målet skulde vera like tilgjengelegt for alle.
Her var Aasen demokratisk i ordet si rette tyding, men likevel fekk han høyra det stikk motsette frå dei som aldri hadde skyna systemet hans. Dei hevda tvert imot at Aasen-målet var «aristokratisk», og at det demokratiske var å lata talemålet åt folkefleirtalet på Austlandet vera rettesnor for det norske målet. Desse målideologane, som med Ap-mannen og historikaren Halvdan Koht, hadde ikkje studert norsk målvitskap godt nok. Det hadde derimot Gustav Indrebø gjort, og han gjorde det til si uppgåva å halda det grunnleggjande systemet saman.
Det grunnleggjande me må få fram er korleis i-målet og a-målet vert når dei vert sette saman i hokyn. Her gjeld det å kunna forstå og studera samanhengen. Ein må forstå at det sviv seg um å kunna skilja sterke hokynsord (i-ending) frå linne hokynsord (a-ending). Når ein kjenner dette systemet so er det lettare å sjå samanhengane i målet, og det hjelper stilen i målet mykje. Dersom ein vekslar millom i-endingar og a-endingar, so fær ein eit fint og yversynleg mål. Dessutan fær ein formlikskap millom austlandsk og vestlandsk mål. Når ein nyttar seg av i-målet konsekvent, og held seg til a-infinitiv i staden for e-infinitiv, so fær ein heilt av seg sjølv ein naturleg balanse millom a, o og i. Dei fleste målføre både på Austlandet og Vestlandet hev denne vokaltriklangen – so utan i-målet vert heile dette systemet skipla.
Og kven er det som kann få med seg dette systemet heilt frå byrjingi av? Jau, det er folk som skriv norske tekster på grunnleggjande nivå. Her er Bibelen sentral. Her er dei viktugaste skribentane våre svært tidleg ute med grunnleggjande tekster som folk ventar på å få høyra. Kyrkjegjengarane samlast kvar veke for å få lyda til grunnleggjande tekster. Dei lærde som skal arbeida med tekstene fær soleides noko å bryna seg på: Det er ikkje tekster som skal umsetjast og puttast i ei skuffa, det er tekster som alle skal kunna få noko ut or. Folk skal kunna forstå tekstene og bruka dei. Ikkje minst so er det tekster der folk frå fyrr av kjenner dei danske versjonane godt, og difor lyt den norske teksti vera betre – helst mykje betre – dersom folk skal ta den norske umsetjingi for god fisk.
Grundtvig kom til dømes med salmen «Den signede dag» i 1826. På 1890-talet vart salmen umsett av Elias Blix, og umsetjingi var so god at salmen i dag snaudt er kjend som noko anna enn «Gud signe vårt dyre fedreland». Den norske umsetjingi er umtykt og vert spela um att og um att hjå grundtvigianarane. Berre denne eine songen åleine hev gjort Blix svært umtykt.
Å få Bibelen på norsk er litt av eit arbeid. Kven som helst kann ikkje klara alt dette arbeidet. Her må sume setja i gong bibelarbeidet på eitt umkverve og so lyt andre trø til på eit anna umkverve. Verket er stort, men med mange på verket og mange med kunnskapane som trengst so kann ein få mykje gjort på etter måten stutt tid. At ein kom i mål på eit par tiår er likevel utruleg kjappt, og det syner kor høgt dei prioriterte dette arbeidet. Attåt sjølve bibelumsetjingi skal ein skriva salmar som er so gode at folk vil syngja på norsk i staden for på dansk. Her er det folk med bakgrunn frå visetradisjonane som hiv seg med i arbeidet. Den nynorske songen kjem det i neste umgang meir og meir av i mange ulike slags samanhengar.
Slik kunde snøballen ha halde fram med å rulla. Målfolket bygde nettverk av kunnskapsrike og kompetente folk. Her stod alle på like fot, dei arbeidde saman for det norske. Ingen var meir verde enn andre, dei hadde alle det same kallet til å bruka dei evnone som dei hadde – anten det kom til skribentverksemd, song og musikk, vitskaplege arbeid eller aktivisme og organisasjonsarbeid. Dei skaffa seg sjølve grunnleggjande kunnskap og dei bygde kvarandre upp. Dei norske kampfelagane demonstrerte at dei hadde noko å fara med – og soleides knytte dei til seg andre uppegåande folk som vilde vera med og gje sitt tilskot til saki. Hadde dei berre halde fram som dei stemna so hadde målreisingi lukkast.
Lars Bjarne Marøy
Nye kommentarar