Samanbrotet for norsk mål i Hordaland
Mange vil hevda at 1972 var eit avgjerande år for nynorsk på Vestlandet. Bergen Fylke vart integrert inn i Hordaland Fylke og samstundes la Bergen kommune inn under seg nynorskkommunane Åsane, Arna og Fana. Bergen vart altso ikkje lenger ein kommune berre for bergensarar, det vart ein kommune for folk som kom frå ei rad ulike stader. Den nye bergenskommunen skulde vera språknøytral, og samstundes kom nynorskbrukarane i klårt mindretal.
Det hev sidan den gongen vore ein jamn attendegang for nynorsken i Bergen der fleire og fleire skulekrinsar hev gjenge yver til bokmål. At nynorskfolk hev vore ein pressa minoritet i Bergen hev vore eitt perspektiv, men det er etter mitt syn langt frå det viktugaste.
For eigen part hev eg vore i samband med etter måten mange folk som i si tid hadde nynorsk upplæringsmål på 70- og 80-talet, men som sidan den gongen hev bytt til bokmål. Konklusjonen deira er at språket er for vanskeleg for dei å bruka rett, det er lettare å skriva bokmål. Dette er eit viktugt poeng, for eg ventar meg at det er lettast for folk å skriva det målet som dei hev fenge upplæring i.
Det er dette eine punktet som ein må sjå på frå alle slags synsleite. Alle andre forklåringar vert etter mitt syn burtkasta å bruka mykje tid på. Dersom folk skal læra seg eit språk, so må dei forstå dei grunnleggjande strukturane i språket og so kann resten utleidast derifrå. Slik vart det atter ein gong med bokmålet etter at samnorskpolitikken tok slutt, men det stikk motsette hende med norsk mål.
Dei einaste som hev vore i stand til å skriva godt på «moderne nynorsk» (1938- og 1959-rettskrivingane) er dei som hadde havt upplæring i den tradisjonelle nynorskrettskrivingi. Dei som seinare hev skulla læra seg nynorsk i skulen hev ikkje greidd å forstå strukturen i språket, og so hev det enda med at dei helder vil skriva slik som dei snakkar.
Då sit ein med ei rad ulike variantar av nynorsk som folk vert nøydde til å lesa. Ingen kann lesa og læra nynorsk frå det som dei les og alt vert kaos og problem. Det er mitt syn og det er det som eg sjølv er vorten fortald av dei som hev bytt frå nynorsk til bokmål.
Utvatna nynorsk med e-infinitiv hjelper fram bergensekspansjonen
Det burde ikkje vera slik, men eg vil påstå at dette var ein medviten strategi: Det norske målet skulde ikkje få makt, det skulde ikkje få vera normdanande for folk. Med målbrigdi i 1938 og 1959 so var strategien å blanda saman bokmål og norskt mål, men dette «samnorske» målet fekk ikkje halda seg. I Oslo-skulane vart samnorsken sabotert av «Foreldreaksjonen mot samnorsk» og dei store avisone, forlagi og mediehusi tok aldri dei nye rettskrivingane i bruk. På nynorsk-sida vart det motsett, og her med var det Oslo som vart avgjerande: Det Oslo-baserte Samlaget var pådrivar for å pressa den bokmålsutblanda nynorskrettskrivingi på folk. Rettskrivingsendringar og statlege måltiltak gav Det Norske Samlaget ein stødt sterkare økonomisk posisjon, og denne økonomiske makti kunde dei nytta til å tyna det norske målet.
I motsetnad til Oslo so var Bergen ein sterk bastion for det tradisjonelle norske målet. Bergen var hovudkvarter for både Vestmannalaget, Vestlandske Mållag og ei rad andre friviljuge norskdomstiltak som stod utanfor dei statlege studnadsordningane. Samstundes var dei maktlause når styresmaktene tvinga den nye rettskrivingi inn i skulen. Som når Det Norske Samlaget sine lærebøker reinska a-infinitiven ut or skulemålet. A-infinitiv er nett ei av dei formene som samsvara med strilamålet og som var markerte andsynes den stødt meir dominerande bergensdialekten.
Medan det norske målet vart avfarga, gjeng det bokmålsnorske attende til dei upphavleg danske og det som korresponderar med gamal bergensk, som til dømes tvo kyn i staden for tri. På 1980-talet er denne stoda godt etablert.
Pengestyrt og perspektivlaust målarbeid mot årtusundskiftet
Då er spursmålet, kva sit målrørsla og mållagi på dette tidspunktet att med? Kva skal dei driva med? Det vert vandslegt å setja i gong aktivitetetar for folk. I Bergen og Fana ser ikkje folk perspektivi på det som dei kann gjera. Og dimed fell det som stend att. Ein sit att med ei smyrja av dialektar og ålmennpolitikk. På midten av 70-talet var det mange unge folk som skulde ha vidare utdaning og som ikkje fekk læremidli sine på nynorsk. Her vart det enno gjort godt arbeid i mållagsregi i Hardanger, på Voss og andre stader (som med AFSRIS-lærebokaksjonane).
I Bergen og i Fana hadde ein folk som var knytte til Vestmannalaget og som heldt fram med mykje godt norskdomsarbeid, som med speling og folkemusikk. Her heldt dei fram å skapa norske kulturupplevingar som knytte seg til tydelege norske sinnbilete og språkstrukturar. Men elles var skulenynorsken i Hordaland meir og meir inkonsekvent og uppblanda med bokmål. Det var ikkje noko mål som engasjerte nye generasjonar av ungdom.
I Oslo vart det masseproduksert eigne upplæringsbøker og Hellevik-ordlistor frå Det Norske Samlaget. Desse bøkene var ikkje lesande for folk. For eigen part nekta eg å bruka dei offentlege lærebøkene, dei var fulle med rot og galskap. Men alle skulde bruka det og forlagi kunde forsyna seg med pengar frå staten. Til dømes so var det i 1996 heile 256 lærebøker som det var lovpålagt å gjeva ut i nynorsk parallellutgåva, so her kunde Det Norske Samlaget få bada seg i pengar.
At Oslo er vorte nynorsk-hovudstaden i etterkrigstidi heng beinveges i hop med samnorskpolitikken. Det målblandande Samlaget hev kunna byggja seg upp og halda det gåande i Oslo. Dei skaffar seg pengar med å pøsa ut ordlistor og parallellutgåvor av lærebøker, og alt dette på eit elendig blandingsmål. Dette er ikkje bøker det er mogleg å lesa og læra seg norsk av, og det engasjerar ingen. Det er ein steril pengemaskin som drep ned norskt mål. Nynorskforlagi tener pengar på å tyna ned det norske.
Eg brukar ikkje dette språket. Eg er bergensar og eg konsumerar ikkje blandingsprodukt importerte frå Austlandet. Då brukar eg helder bokmål når eg må bruka ei offisiell rettskriving, og so skriv eg gjerne norskt mål når eg fær lov til det.
Lars Bjarne Marøy
Nye kommentarar