Norsk mål: Bygt upp frå vest og rive ned frå aust
Um ein vil forstå kva som hev hendt med den norske målvoksteren og kvifor det til slutt gjekk so gale, so er det greidt å setja upp ei tidslina med dei viktugaste årstali og aktørane. Dersom ein gjer det, so kjem det tydeleg fram at det norske målet vart bygt upp frå vest og rive ned frå aust.
Noregs tvo eldste mållag, Vestmannalaget i Bergen og Samlaget i Oslo, vart båe skipa i 1868. Endå um dei i upphavet kjempa for same sak, so hev dei kome til å målbera tvo stikk motsette straumdrag i den norske målsoga.
Pionertidi: 1864 til 1892
Ivar Aasen kom frå Hovdebygdi på Sunnmøre. Han hadde aldri teke nokor utdaning, han var for “autodidakt” å rekna. Han høyrde ikkje til nokor forskargruppa eller noko slags embetsverk. Han var ein vanleg mann frå bygdi, han fekk kontakt med kven som helst og han kunde reisa ikring kvar han vilde og studera norskt mål saman med vanlege folk og vener.
I 1864 kjem Ivar Aasen med “Norsk Grammatik”. Det er ei umarbeidd utgåva av “Det norske folkesprogs grammatik”. Med “Norsk grammatik” er landsmålet endeleg samla og kodifisert frå Ivar Aasen si hand. Arbeidet med å prova vitskapleg at norsk mål faktisk finst er fullført. Herifrå sviv det seg um å få folk til å taka det i bruk.
Tidi etter 1864 er for ei “pionertid” for det norske målet å rekna. Ivar Aasen set sjølv i gong med å dikta og skriva på det skriftfeste norske målet. Andre diktarar og skribentar kjem til. Til dømes Aasmund Olavsson Vinje, som gjev ut bladet “Dølen” frå 1858 til 1870. Frå 1877 til 1891 gjev Arne Garborg ut “Fedraheimen”, og avisone “Den 17de Mai” og “Norsk Tidend” vert rekna som framhald av desse. Nordnorske Elias Blix gjer grunnarbeidet med å få kristne salmar og songar på norsk mål. Her med kjem det andre folk til, som Anders Hovden, Peter Hognestad og Bernt Støylen. Pionerane gjer eit uvurderleg arbeid med å få norsk infrastruktur på plass.
Med “jamstellingsvedtaket” i 1884 vert det norske målet jamstelt med det danske. No er vegen opna for å få norsk mål ut i skuleverket, og i 1892 gjeng dei fyrste skulekrinsane yver til norskt mål. Det same året godkjenner styresmaktene Elias Blix sine salmar til kyrkjebruk. Medan norsk mål i tiåri fyreåt hev vorte nytta av diktarar og kunstnarar, so skal målet ut til dei breide massane som eit skulemål og eit kyrkjemål.
1892 til 1959: Reaksjonen kjem
Endå um ein fekk norsk mål inn i skulen i 1892, so held arbeidet fram med å få norsk mål inn i høgare utdaning. Her gjorde til dømes Martin Birkeland mykje godt arbeid med Fana Folkehøgskule. Det kjem landsgymnas med norrønalina på Voss. Skulefolk arbeider for nynorske folkehøgskular. Gustav Indrebø arbeider for nynorskuniversitet, og gjeng jamvel rettens veg for å få norskt mål inn på UiB. Nordfjordingen Edvard Os og sunnfjordingen Nikolaus Gjelsvik fær norsk mål inn i embetsverk og rettsstell.
Under nasjonalromantikken hadde mange sett med velvilje på arbeidet åt Ivar Aasen og norskdomspionerane, men no byrjar det norskdanske embetsverket å sjå på landsmålet som eit trugsmål mot deira eigen maktbase.
Når byråkratar skal møta trugsmål mot seg sjølve, so gjer dei det som dei sjølve er best på: Byråkrati. Ei rad med byråkratiske framstøytar skulde taka brodden av det nasjonale i den norske målstriden. Den fyrste framstøyten kjem i 1907. Med innføringi av harde konsonantar skil det dansknorske målet for fyrste gongen lag med det danske målet i Danmark. Fyre 1907 slapp ein å umsetja bøker frå dansk, men frå no av er “riksmålet” eller “bokmålet” kutta av frå det danske målet i Danmark.
Målfolket hev på 20- og 30-talet den fyremunen at dei hev eit forsprang. Når den nynorske Bibelen kjem i 1921, so er det faktisk den fyrste “norske” Bibelen. Det finst ingen bokmålsbibel, det finst einast den reine danske. Den nynorske skrifttradisjonen gjeng heilt attende til 1850-talet, medan bokmålstradisjonen framleis hev til gode å verta etablert.
Arbeidarpartiet sin samnorskpolitikk kjem i framhaldet av deira eigen klassesamarbeidspolitikk der sosiale motsetnader skal løysast med statlege og teknokratiske åtgjerder. Medan målrørsla i pionertidi sjølve hadde fridom til å arbeida fram ein nynorsk skrifttradisjon, so kann styresmaktene med skulemålet gå beinveges inn og styra korleis nynorsken skal sjå ut.
Med 1938-reformi fær historikarane Koht, Bergsgård og Birkeland frie hender frå Arbeidarpartiet til å blanda saman norsk og dansk mål. Målvitskapleg kann dei ikkje setja seg yver arbeidet åt Ivar Aasen, men politisk og “demokratisk” so meiner dei at målet på Austlandet må telja meir med i nynorsken – sidan det er der dei fleste bur. Kvantitet skal gå framfor kvalitet, men dermed er kampen millom norsk og dansk mål flutt yver på heimebana åt dei dansknorske. Resultatet er ei blanding av norske dialektar og dansk mål som kjem heilt på slump og som er uråd å læra seg skikkeleg. Ikkje minst so sviv det seg um å få markert norske former burt, som med i-formene.
Noregs Mållag stridde imot rettskrivingsendringi I 1938, men litt etter litt laut dei gje tapt. Frå 1952 til 1956 var det framleis i-målsfolk som sat med makt i Noregs Mållag, med Ludvig Jerdal som redaktør I Norsk Tidend so seint som i 1955. Her vart det avgjerande for samnorskvenene å få kasta styret og avsett Jerdal frå Norsk Tidend, og dette lukkast dei med i 1956. Ludvig Jerdal fær det som ein i våre dagar hadde kalla for “sluttpakke”. Det var avgjerande viktugt å få honom burt…
Med eit maktstole Noregs Mållag so kjem den neste runden med øydingsverk i 1959. Medan i-målet vart forbode i 1938, so skal e-infinitiven inn i nynorsk i 1959. Dimed hev ein øydelagt heile den vokaltriklangen som gjer norsk mål so fargerikt og fagert. “Eg skal syngja nokre visor” vert til “Eg skal synge noen viser”…
1959 til 1976: Kollaps og perspektivløysa
Jamvel etter 1938 og 1959 so kjem det ut mykje godt lesestoff på nynorsk. Framifrå diktarar som Jakob Sande og Tor Jonsson tek til dømes til å dikta på den nye rettskrivingi. I massemedia sette journalistar som Herbjørn Sørebø, Arthur Berg og Einar Førde standarden for god nynorsk målføring. Men grunnen til at dei er i stand til dette er nett av di dei høyrer til den generasjonen som hadde havt upplæring på det gamle målet, dei kjende framleis til den underliggjande strukturen i språket. Det kjem ingen til seinare som er av same format…
I 1972 legg Bergen inn under seg nynorskkommunane Åsane, Arna og Fana. I alle desse 3 kommunane var nynorsken godt etablert, det var for “strilaland” å rekna – til dømes med folkehøgskuletradisjonen i Fana. Men Bergen er i vokster og folketalet aukar snøgt i dei gamle kommunane. Det er bergensmålet som breider seg ut, og bergensarane forstår seg aldri på den nye og bokmålsutblanda nynorsken. På bergensmål heiter det til dømes “boken”, “tiden” og “visen” – medan det på strilamål heiter “bokje”, “tide” og “viso”. Dei tradisjonelle i-målsformene “boki”, “tidi” og “visa” er markerte og samsvara med dei lokale dialektane som var der frå fyrr av. Den moderne nynorsken med “boka”, “tida” og “visa” vert derimot framande for både bymann og stril.
På 1970-talet kjem utdaningseksplosjonen der eit heilt kull av “baby-boomers” skal upp og fram. Både bygdeungdom og arbeidarklasseungdom skal ha vidaregåande utdaning. Knut O. Dale frå Øystese er millom ungdomane som set i gang lærebokaksjonar. Lærebokaksjonane fær fylgje av dialektaksjonar. Der og då kann det sjå ut som um målrørsla atter ein gong hev fenge vind i segli, men i røyndi er 70-talet ein katastrofe.
So seint som tidleg på 70-talet heldt Studentmållaget i Oslo framleis på med kurs i nynorsk normaltalemål, men no er det einast “snakk dialekt” som gjeld. Det er i våre dagar fritt fram for å tala dialekten sin i alle samanhengar, men utan eit nynorsk normaltalemål å stø seg på so styrkjer dialektanarkiet berre narrativen um at det er bokmålet som er det normale og normdanande.
1976 til i dag: Pengedryss frå staten drep ned både norsk mål og grasrotengasjement
I 1976 hadde lærebokaksjonane ført til lovfesta krav um at alle lærebøker i vidaregåande skule skulde koma til same tid og pris på både bokmål og nynorsk. Kva er til sjuande og sist konsekvensen av dette? Det ser alle som opnar ei av desse nynorskbøkene. Lærebokforfattarane skriv lærebøker på bokmål, og so vert det gjort eit vinstrehandsarbeid med mekanisk umsetjing for å få nynorskutgåvone ferdige til skulestart. Nynorsken i desse bøkene vert lagd nærast mogleg upp til bokmål, og verstingen på dette punktet er det Oslo-baserte “nynorskforlaget” Det Norske Samlaget.
Det Norske Samlaget hev heilt sidan 1930-talet vore kontrollert av Arbeidarpartiet sine samnorskideologar, der Halvdan Koht og Sigmund Skard hev vore dei leidande. Andre sentrale personar er Alf Hellevik og Bjarte Birkeland. Salet av Hellevik-ordlistor til elevar i skuleverket hev i alle år vore ei trygg inntektskjelda for Det Norske Samlaget, men som me skal sjå so stoggar det ikkje der.
I 1997 heldt Norsk Målungdom nye lærebokaksjonar, og i det offentlege ordskiftet som fylgde so kom det fram at so mange som 256 bøker skulde verta tilgjengelege i nynorskutgåva i vidaregåande skule. Me snakkar her um enorme pengesummar som det offentlege skuflar inn i Det Norske Samlaget og andre forlag, med fyremålet å masseprodusera bøker på ein nynorsk som ikkje lenger fengjer nokon. Styresmaktene drep nynorsken ned med graut, som Snegle-Halle vilde ha sagt det.
Noregs Mållag er i dag so maktlaust og avvæpna at styresmaktene kunde yverlata til målrørsla sjølve (Grete Riise) å slå den siste spikaren i kista når dei i 2012 forbaud i-målet i nynorsken.
Det er reint utruleg kor mykje pengar som styresmaktene pøsar inn i målrørsla utan at det fører til framgang for nynorsken. For ei privat næringsverksemd so hadde resultat av dette slaget vore katastrofale og ført til at styret vart kasta på fyrste generalforsamling. Når ein driv eigi bedrift so sviv det seg ikkje berre um å gjera ein best mogleg jobb for kundane sine. Det sviv seg like mykje um å byggja upp eigen infrastruktur slik at ein i neste umgang kann gjera ein endå betre jobb og dermed få endå betre betalt og på den måten vera i stand til å byggja upp eit endå større apparat. Slik byggjer ein verksemdi stein på stein, utan å øyda eigne krefter og ressursar.
Det er den gamle vestlandske pioner- og entreprenørtradisjonen som framleis kann gjeva det norske målet ein framskuv. Medan staten drep ned norskdomstiltak med pengar, so er det dei frie mennene som må søkja i hop og skapa noko saman. Det er ut frå dette perspektivet som eg hev tenkt i 32 år. Det same utsynet ser ein med kvart hjå Olav Torheim i bladet Målmannen. Han hev nådd fram til nye moderne folk frå ulike stader, so eg vil rå dykk til å studera dette tiltaket.
Lars Bjarne Marøy (1971-2022)
Nye kommentarar