Peter Hognestad
Peter Hognestad arbeidde for norskdom og kristeleg folkeliv. Han gjorde ein uvurderleg innsats i arbeidet for norsk salmebok, alterbok og bibelumsetjing.
Hognestad var bondeson frå Jæren. “Heime hev eg lært å beda og arbeida,” skreiv han. Han var med på gardsarbeidet kvar sumar til langt ut i kandidatåri. Han las til konfirmasjon hjå Lars Oftedal i Stavanger.
Hognestad ynskte å verta prest, og Oftedal hjelpte honom til å koma inn på ein skule. Han tek examen artium 1886 og so reiste han til Kristiania for å studera.
Hognestad kjende seg framand og redd for hovudstadens kulturliv, men Christopher Bruuns «Folkelige Grundtanker» vart hans fylgjesven “inn i kulturheimen” – og han “las til det brann i hjarta”. Bruuns visjon um “Norges gjenfødelse i fedrenes ånd” vart styrande for Hognestad. Det gjeld å fyrebu seg på teologi og kultur, å nå fram til kristendommen slik at vanlege norske menneske kunde ha evna til å grunna på ting.
Hognestad hadde gode gjevnader og språkkunnskap, og gav alt i studietidi privat undervisning i hebraisk. Serleg vart han gripen av C. P. Capari, denne grunnlærde professoren som frå kateteret sitt las salmane på hebraisk med største innleving. Hognestad tok teologisk embetseksamen 1891 og praktisk i 1892. 1892–95 var han notarius ved det teologiske fakultet, og 1895 fekk han Kronprinsen si gullmedalje for å ha granska kjeldene åt mosebøkene og Josva-boki. Det var ei uppgåva som førde honom rett inn i det dagnære ordskiftet i bibelforskingi.
Han var aktiv i Studentersamfundet og ei tid formann i det kristelege studentlaget. 1895–96 var han sekretær i Stavanger Ynglingeforening og 1896–1903 var han lærar ved Notodden lærarskule (grunnlagd 1895 med valspråket “Kristendom og norskdom”). 1903–08 var han stiftskapellan i Kristiania, med andsvar for bygdeungdomen i hovudstaden, og 1904–06 var han styremedlem i Norigs ungdomslag.
Det teologiske Menighetsfakultet vart skipa til i 1908, og Hognestad vart kalla til å læra i Det gamle testamentet.
Han gjekk inn for å halda fyrelesingane sine på landsmål, og for hovudstadseliten var denslags heilt uakseptabelt. Aftenposten og Morgenbladet såg det som si uppgåva å åtvara mot denne store fåren, med den fylgja at mange drog attende studnaden sin til Menighetsfakultetet. Hognestad hadde ingen klår strategi, men den folkelege og kulturelle profilen hans kom til å verta ein viktug styrke for honom – attåt dei reint faglege kvalifikasjonena. Teologistudentane studde upp um Hognestad, og jamvel teologistudentane frå Universitetet fylgde fyrelesingane hans.
Hognestad gjorde etter måten mange studiereisor til utanlandske universitet og han fylgde med i den nyaste forskingi. Han sluttførde og gav ut Blix» salmebok og umsetjingi av dei bibelske salmane på nynorsk (1904). Han stod sentralt i umsetjingi og utgjevingi av Tekstbok og altarbok for den norske kyrkja (1908), Bibelen på norsk (1921) og Nynorsk salmebok(1925). I 1916 vart han utnemnd til biskop i Bergen, der han vart møtt med tillit og vyrdnad i kyrkjelydane. Han var ein produktiv skribent og mykje nytta til talar og fyredragshaldar.
Samtidig som Hognestad var oppteken av norsk kultur og kristendom, so var han levande interessert i samkyrkjelegt arbeid og kristeleg einskap. Han var med på dei økumeniske møti i Edinburgh 1910, Stockholm 1925 og Lausanne 1927, som kvar på sitt vis leidde fram mot upphavet av det kyrkjelege verdsrådet. For Hognestad var det ingen motsetnad millom det nasjonale og det internasjonale, og helder ikkje millom det folkelege og det kristelege: “Kristendomen skal ikkje jaga burt folkelivet, men halda det friskt og laga det um etter si art.”
Lars Bjarne Marøy
Det hev ei rosa sprunge
ut or ei rot so grann.
Som fedrane hev sunge:
Av Isais rot ho rann,
og var ein blome blid
midt i den kalde vinter
Ved myrke midnattstid.
Um denne rosa eine
er sagt Jesajas ord.
Maria møy, den reine,
bar rosa til vår jord.
Og Herrens miskunnsmakt
det store under gjorde
Som var i spådom sagt.
Guds rosa ljuvleg angarog skin i jordlivs natt.
Når hennar ljos oss fangar,
ho vert vår beste skatt.
Me syng i englelag:
No er det fødd ein Frelsar,
Og natti vart til dag.
Tysk song frå 1500-talet, umsett av Peter Hognestad
Nye kommentarar