Tyskland: Folket tek til gatone mot global finansspekulasjon

Det byrja i Sambandsstatane med “Occupy Wall Street”, men det stogga ikkje der. Aktualisert av euro-krisa hev jamvel tyskarane gjenge mann av huse denne hausten for å protestera mot finansspekulasjon og global røvarkapitalisme.

SANYO DIGITAL CAMERA

SANYO DIGITAL CAMERA

Då euroen i si tid vart innført, hadde mange tyskarar sett fyre seg at den sams valutaen nær sagt skulde gjera EU til det nye Stor-Tyskland. I staden hender det motsette – det er Tyskland som lyt leggja ut for den økonomiske kollapsen i heile Europa. Og dei einaste som tener på det er finansspekulantar og EU-byråkratar som gnikar seg i hendene av utsiktene etter å setja heile nasjonar under administrasjon.
I Tyskland som i Sambandsstatane var det okkupasjon som stod på programmet – med teltlæger i parken framfor den tyske sentralbanken. Og bankkvartalet i Frankfurt, med sin karakteristiske skyskrapar-skyline, er vel det næraste me europearar kann koma New York og Wall Street.

SANYO DIGITAL CAMERA

“Me er dei 99 prosent”, er slagordet åt Occupy-rørsla. Eit slagord som understrikar at det handlar um ei rørsla som representerar den store folkesetnaden, ei grasrotrørsla som korkje stend til høgre eller vinstre i politikken, og som det nett difor kann vera lov å vona kann bjoda røynleg motstand mot ein rotlaus finanselite som i våre dagar undergrev dei europeiske nasjonane og folkestyret.

Massemynstringar, teltlæger framfor sentralbanken og radikal systemkritikk stend på programmet når Occupy Frankfurt aksjonerar.

Massemynstringar, teltlæger framfor sentralbanken og radikal systemkritikk stend på programmet når Occupy Frankfurt aksjonerar.

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 1 2012. Klikk her for å få tilsendt eit gratis prøveeksemplar av bladet!