-Eit mål må talast, ikkje berre skrivast
Hausten 2014 vart Målmannen-redaktør Torheim spurd ut av den kristne vikeavisa Norge Idag. I intervjuet fekk Torheim greida ut um grunnlaget for målsaki og han la fram nokre tankar um korleis han sjølv ser på målstoda i dag. Intervjuet kom diverre aldri på prent, difor publiserar me det her og no.
-Kva ville eigenleg Ivar Aasen med nynorsken?
Det er vel klårt nok um ein les “Om vort skriftsprog”. Han vilde at Noreg skulde ha sitt eige språk etter at det atter hadde vorte ein sjølvstendig nasjon:
“Efterat vort Fædreneland atter er blevet hvad det engang var, nemlig frit og selvstændigt, maa det være os magtpaaliggende at bruge et selvstændigt og nationalt Sprog, eftersom dette er en Nations fornemste Kjendemærke.”
Dette skriv han i sin ungdom, i 1836, i ei tekst som han aldri sjølv lagde fram i ålmenta (ho vart fyrste gongen gjord kjend i Syn og Segn i 1909). Det er soleides Aasen sine eigne tankar, slik han tenkte med seg sjølv um prosjektet sitt.
Han vilde ha eit skriftmål som spegla att dei mentale fyrestellingane er rømde i den norske kulturen. Han vilde ha ei nasjonal målreising og eit sermerkt norskt mål.
-Kvifor valde Aasen dialektane som utgangspunkt?
Dialektane var det som ein kunde byggja på av di det fanst ikkje noko anna: So lenge Noreg hadde si eigi lovgjeving, so trong ein i minsto folk som var kunnige i norrøne til å lesa og forstå lovene, men med Christian IV si norske lov i 1604 so var den siste skansen for norskt mål fallen. Aasen valde dialektane til utgangspunkt av di desse gav ein kontinuitet attende til det gamle norrøne målet. Samstundes må me hugsa at han gjekk vitskaplegt til verks, han skapa ein syntese av dei norske dialektane der det gamle norrøne målet var rettesnori. Utan at det ein gong hadde vore eit eige norrønt mål so hadde det helder aldri vorte nokon nynorsk. Det var sambandet attende til det gamle norrøne målet som gav nynorsken tilværerett.
-Kor viktige er dialektane for nynorsken si framtid?
Mange stader er dialektane verkelegt heilt utraderte. Sjå til Hallingdal der ungdomen talar kav bokmål – eller til bygdene kring Bergen der strilemålet er bytt ut med bokmålsutvatna bergensk. Me treng folk som er viljuge til å identifisera seg med nynorsken og ikkje med dialekten sin – dersom målet vårt skal ha ei framtid. Eg hadde nylegt eit lesarinnlegg i Strilen som tek upp dette, det ligg ute på nettet.
Problemet hev vore at målrørsla hev sett på dialektane som ei avgrensing og ikkje som ein ressurs. Dei klassiske nynorskdiktarane ausa rikeslegt or målføret sitt med ord og segjemåtar, men tanken deira var at alt dette skulde renna ihop og dana grunnlaget for eit eige norskt kulturmål. Den norske målreisingstanken var ein stor tanke, ein vilde skapa noko – og skapa det saman. No er det vorte redusert til eit lågterskeltilbod på nedste hylla: Tak utgangspunkt i ditt eige talemål og mekk ditt eige språk, som Vincent Eye Færavåg ein gong so råkande poengterte det.
-Kvifor vann ikkje nynorsken – og kor mykje hev han tapt?
Han hev tapt det meste:
- Han hev tapt akademikarane som nytta seg av nynorsk både i skrift og tala. Det nynorske normaltalemålet er so godt som burte. Jamvel i NRK lyt nynorsken vika for dialektbruk.
- Han hev tapt byane. Det var ei tid då Bergen var eit slags hovudkvarter for målrørsla på Vestlandet, ein hadde Ervingen, Bondeungdomslaget, Kaffistova åt Ervingen, ein hadde kampen for nynorskuniversitetet. Dette er det berre restar att av.
- Det hev ikkje lukkast å etablera regionar eller kjerneområde der nynorsken er sikra. Målet vårt er under press yveralt. Jamvel i tidlegare solide nynorskområde som Hallingdal eller Nordhordland. Det einaste reine nynorskfylket, Sogn og Fjordane, er truga av nedleggjing – um ein skal tru den seinaste rapporten åt Møreforsking.
- Målrørsla hev arbeidd for ei jamstelling som berre finst i namnet og ikkje i gagnet. Islendsk – med sine 200.000 språkbrukarar – stend sterkare enn det nynorsk gjer som jamstelt språk i eit land med 5 millionar menneske. På Island vert utanlandske bøker og bestseljarar umsette til islendsk, i Noreg vert utanlandsk litteratur umsett til bokmål – og bøker for spesielt interesserte til nynorsk. På Island finn ein disneyfilmar på islendsk. I Noreg hev ein einast NRK-umsette program som Eventyrstund med Janosch og Flukta frå Dyreskogen – alt av kommersielle program vert umsett til bokmål.
Kvifor er det slik at 200.000 islendingar kann få alt umsett til eige språk – medan dei påståtte 500.000 nynorskbrukarane tek til takke med det meste på bokmål? Målrørsla skulde aldri ha godteke at nynorsk var ei av tvo jamstelte “målformer” i Noreg. Me skulde ha insistert på at nynorsk var eit eige språk, med det same kravet på vern som andre minoritetsspråk.
Sjå til Åland (svensk) eller til Sud-Tirol (tysk). Der er det lover og reglar som gjev desse språki det vernet som sikrar at dei yverliver.
Toleransen for nynorsk og dialekt er stor, men viljen til å nytta målet tilsvarande liten. Det at nynorsken einast finst som eit skriftmål og ikkje som eit talemål er eit stort handikap. Det ser ein serskilt i møte med utlendingar. Kona mi er amerikansk og hev lært seg norsk – høgnorsk. Men ho segjer at det vanskelegaste er det at ho høyrer so lite til språket. Eit språk lærer ein ikkje berre av å lesa det, ein må høyra det.
Det største problemet med eit fråvær av nynorsk talemål er at nynorsk ikkje er normdanande. Språket vårt vert ikkje synlegt. Folk er redde for å nytta markerte nynorske ord i kvardagen.
Når ein tenkjer på kor gode kort målrørsla hadde på handi, so kann ein vel berre slå fast at målrørsla hev seg sjølv å takka for vanstoda i dag.
Det beste kortet ei ideell rørsla hev på handi er at dei hev sanningi på si sida. So snart ein slakkar av på dette, so spelar ein på motstandaren sin banehalvdel. Det beste våpenet målrørsla hadde var sjølve språket: Ivar Aasens mål var vitskaplegt uppbygt, det var fylgjerett og lett å læra – og det var vakkert, “selve sproget er jo musik”, som Grieg sagde det. Her er det nok å nemna den høgnorske vokaltriklangen med a-o-i.
Målrørsla var lenge i jamn og trygg framgang, men so byrja folk å tenkja at dei skulde kutta nokre svingar og nå fram i ein jafs med di dei gjort målet meir likt bokmål. Resultatet vart at me laut tevla på motparten sin banehalvdel – med eit språk som var rotut og vandslegt å tileigna seg – og fullt av knot. Eit språk som ikkje lenger var tevleført i målstriden.
-Kvifor er ikkje nynorsken vorten Noregs svar på hebraisk?
Same kva ein meiner um Israel-/Palestina-konflikten, so kann eg vel reint språklegt gje dykk dette svaret:
Det er fyrst og fremst av di den hebraiske målreisingi hev lukkast – medan den norske ikkje hev gjort det.
Me må hugsa på at hebraisk aldri var utdøydd: Det fanst allvegen som eit religiøst seremonimål. Eliezer Ben Jehuda tok utgangspunkt i det bibelhebraiske målet og fekk det fram på nye felt: Han laga eigne ord for moderne kvardagsovringar, og ikkje minst: Han fekk folk til å tala målet, ikkje berre skriva det. Og han byrja med sine eigne born, som ikkje fekk høyra anna mål enn det hebraiske. Åtvaringane var mange, borni hans kom til å verta sosialt isolerte einstøingar – nær sagt heileskadde – berre av di dei skulde tala sitt eige mål. Eg er redd dette er dei same reaksjonane ein vilde få frå målfolk i dag dersom ein vilde læra eigne born upp i nynorsk talemål i staden for unormert dialekt…
Eliezer Ben Jehuda skyna det som målfolket ikkje skynar: Eit mål må talast, ikkje berre skrivast. Og han gjorde det som målfolk i Noreg ikkje torer å gjera: Han byrja med seg sjølv og sine næraste.
Olav Torheim vart spurd ut av Lars-Toralf Storstrand
Nye kommentarar