På heimflog

Eg hadde aldri vore serleg glad i å reisa med fly. Fyrst var det innsjekkingi, og so tryggjingskontrollane, og heile stresset med å finna seg ein plass på flyet. Men endelegt hadde eg slege meg til ro. No skulde eg berre få sitja der og halvsova medan ferdi gjekk frå Bergen til Amsterdam…

-Orsak meg, men det er ein familie som gjerne vil sitja saman. Er det greidt at me finn ein ny plass til deg?

Flyvertinna såg spyrjande på meg. Eg skulde nett til å svara upprådd, “Må eg?”. Men so tok eg meg saman:

-Ja, for all del. Ikkje noko problem.

Eg fekk meg ein ny plass lengre atti flyet, innåt vindauga. Eg byrja sjå ut glaset med di flyet tok av, men etter ei stund byrja eg keida meg litt. Eg snudde meg til hi sida og såg at eit eldre par hadde sett seg attmed meg, med dama midt millom meg og mannen.

Eg beit meg merke i at dama sat og las i ei bok som ho såg ut til å ha kome til slutten på. Men skriftteikna var eg ikkje god til å tyda. Kva var no dette, arabisk kannhenda? Eg fekk det berre ikkje til å stemma med at det var ei blond, europeisk utsjåande kvinna som sat og las dette.

-Excuse me, I am simply curious, but in which language is the book you are reading?

Dama lagde frå seg boki og såg smilande på meg.

-It is hebrew, svara ho.

-Hebrew? So you maybe are from Israel then?

-Yes, indeed, we’re from Israel. We have been some weeks on vacation in Norway, now we are continuing our vacation throughout Europe. The last days we spent in Geiranger. It is such a beautiful country you have.

-Thank you, and yes, I know that. But unfortunately, most Norwegians are not aware of it. It’s like somebody living close to a waterfall. Everyone coming to visit would notice the sound of the water, while the people living there would have filtered out that sound long ago, only to take notice of it when it is gone… By the way, can I ask you what you are doing for a living in Israel?

-Well, I used to teach hebrew to new immigrants coming to Israel, but now I am retired and spend most of my time with gardening. We have made such a beatiful garden around our house in Jerusalem. Vegetables, fruits, herbs, flowers, it is so nice to see it all growing up.To pick an apple from your own tree, or to make tea from your own herbes… The feeling is simply priceless! And you, what are you doing for a living?

-Me, I’m an electronics engineer, if you would like to know.

-Oh, really? Then you and my husband have something in common. He’s also an electronics engineer.

-Oh yes?

Eg såg ventnadsfullt på mannen som sat ved sida hennar.

-Well, in fact, I used to be an engineer, but since decades I have worked as manager and business director. I am leading an electronics enterprise in Boston, USA. Most of the time I am working with our customers.

-Working with customers? In which way, if I can ask?

-Well, some weeks ago we had a large electronics exhibition in Morocco…

-Morocco?

-I understand your confusion, there is not much electronics enterprises there… But the accomodation is cheap, and we have all the time to spend there alone on the hotels and conference centers with our customers.

-So you do in fact live in Israel and work in Boston?

-Yes, we do.

-It must be a lot of travelling for you then.

-Yes for sure, but we like to travel. It’s our life to travel. What about you, do you also travel a lot?

-No, to be honest, I was never outside of Europe.

-We are great travellers. We spend all our vacations exploring new places. Brasil, South Africa, New Zealand, we go everywhere…

Samrøda gjekk vidare. Eg fekk høyra um reisor verdi rundt og um suksessfulle teknologibedrifter langs ein viss motorveg utanfor Boston, men ikkje berre det. Dei fortalde meg um dagleglivet deira i Israel, um borni og barneborni deira, og um bombor og rakettar som nådde stødt nærare der dei budde. Men langsamt byrja eg å kjenna at me gjekk upp for samtaleemne.

-Well, it was nice to talk with you. Goodbye, we wish you a nice day.

Flyet var landa, paret var byrja pakka sakene sine og på typisk amerikansk vis var dei på veg ut or livet mitt like kjapt som dei var komne inn. Men nett i det dei skulde til å gå, snudde mannen seg mot meg ein sist gong, opna boki som kona hans hadde lese i og spurde meg:

-Do you know that we actually read the books from the right to the left?

-Yes, I do, but it still feels hard to imagine. I’m getting a headache just by trying to read the letters that way.

-We master both levels, svara han med eit glimt i auga. So var dei båe burte.

For meg var det tid for å stiga umbord i neste fly. Ferdi skulde gå vidare, frå Amsterdam til Berlin. Eg fann plassen min, og sette meg. Ikkje lenge etter kom ei ung, svart jenta og sette seg attmed meg.

Det var då ikkje måte på kor mangkulturell denne reisa skulde verta, tenkte eg med meg sjølv. So eg tok mot til meg og spurde henne:

-Sorry to be curious, but where are you from?

-I am from Uganda, Sir.

-And now you are going to Germany?

-Yes, I am going to see my family who lives there.

-And you are thinking of moving to Germany too?

-In fact, I was born in Germany and grew up there…

-Na gut, dann können wir lieber Deutsch reden. Du warst in Deutschland geboren, sagst Du?

-Ja, tatsächlich. Aber ich hatte die ganze Zeit das Gefühl, ich gehöre da nicht wirklich zu. Nicht dass ich keine Freunde hatte oder so etwas, nein, nein, alles war in Ordnung, aber doch, da war nicht so wirklich meine Heimat. Deswegen war ich vor einige Jahren zurückgekehrt..

-Du warst allein zurück nach Uganda gegangen?

-Ja, das war ich. Jetzt baue ich da mein neues Leben auf.

-Aber mit Geld und so, ist es da nicht knapp?

-Es ist knapp, aber so viel Geld braucht man da auch nicht. Und vor allem, das Leben ist da mal einfacher. Ich habe da mein eigenen Garten gekriegt. Das Gemüse-Anbauen ist da viel einfacher als in Deutschland. Und stell Dir mal vor, ich gehe mal gleich vom Haus raus und nehme mir eine Banane vom Baum.. Wenn es bei euch noch Winter ist.

-Und Deine Familie, Du vermisst die nicht?

-Ja, klar, deswegen komme ich jetzt auf Besuch. Aber nächste Jahr kehren die auch endlich in Uganda zurück. Weisst Du was, es gibt Menschen, die sich überall und nirgendwo zuhause fühlen…

-Ich weiss.

-Aber Menschen wie uns, wir brauchen eine Heimat. Eine Stelle wo wir uns verbunden fühlen. Diese Verbindung hatte mir in Deutschland gefehlt.

Me diskuterte vidare, um det å ha ein stad å høyra til, um det å vera nær naturi, um det å kjenna at livet tener til eit fyremål. Um det å kjenna seg framand i eit moderne og rotlaust, vestlegt forbrukarsamfund.

Tidi gjekk snøgt. Då flyturen var forbi, ynskte eg henne lukka til vidare. Både med vitjingi i Tyskland og med det nye livet i Uganda. Kanskje me ein gong skulde råkast att? Jamvel um me kom frå kvar vår stad på kloten, var det noko som harmonerte millom oss, som hadde gjort den vesle samrøda vår til noko meir enn berre enn freistnad på å slå i hel tid.

Eg sjekka ut bagasjen, og gjekk ut gjenom passkontrollen. Eg tykte eg hadde vore i tvo ulike verder. Og eg var glad eg visste kvar eg hadde mi eigi verd.

O. Torheim

Stykkjet stod på prent i Målmannen nr 1 2015.