Litt um måldyrking og purisme
Purisme i tydinga «måldyrking», «målreinsing» gjeng langt attende i soga um skriftkulturen.
Det er kjent at romaren Cicero (106-44 f.Kr.) forma nye ord eller gav kjende latinske ord nye, utvida tydingar, då han umsette skriftene av Platon og andre greske filosofar til morsmålet sitt. Cicero var difor ikkje nøgd med å føra mengder av greske ord inn i latinen. Av emne i morsmålet ville han heller byggja upp ein nemningsbruk for filosofi og tilgrensande vitskapar på latin. Cicero var purist; han ville dyrka latinen og gjera han brukfør på nye umkverve. Eit av dei mest kjende orda han forma, er adjektivet «moralis», som han nytta til umsetjing av det greske ethikos (etisk). Han avleidde det nye ordet av substantivet mos, fleirtal mores: seder, skikkar. Nokre få andre døme på nye ord som Cicero skapte i sitt arbeid med latinsk måldyrking er desse: kvalitet, individuell, induksjon, element, definisjon, differanse, infinitet, aptetitt.
Det finst skriftmål med eit avleidingssystem frå ordrøtene som gjer at det er lett å laga nye ord. Arabisk høyrer til desse måla, og det er då og slik at arabisk hev svært få låneord. Arabiske og persiske vitskapsmenn umsette i millomalderen store mengder av gresk filosofi og vitskap til arabisk, og dei trong ikkje taka inn dei greske orda, men umsette dei med nye arabiske avleidingar. So frævt er det arabiske målet. Eit av dei få greske orda som vart tekne inn i arabisk, er «falsafa», filosofi, men det og vart tilmåta arabisk uttale.
Norrønt mål og nyislandsk er og mål av dette slaget. I gamalnorske og gamalislandske umsetjingar frå latin og gamalfransk er det mange døme på nye ord som umsetjaren hev funne og forma for å gjeva att ord og umgrep i originalteksten. I nyislandsk kom det i tida frå reformasjonen fram til ikring år 1800 likevel inn ei mengd ord frå tysk-dansk upphav; millom anna hadde heit-endinga i abstrakte substantiv vorte eit element i islandsk ordlaging. Då Rasmus Rask kom til Islandi 1813, skreiv han i eit brev: «Elles trur eg . . . at islandsk snart kjem til å døy ut, eg ventar at snaudt nokon i Reykjavik vil skyna dette målet når det hev gjenge 100 år, og snaudt nokon i heile landet når det hev gjenge 200 år til, so sant alt dette held fram slik som det hev gjenge til dessar, og det ikkje vert sett ein stoppar for den målvoksteren som no er i gang; hjå dei velståande er annakvart ord på dansk, hjå ålmugen kan målet halda seg lengst.» (Med ålmugen tenkte Rask på bygdefolk som på den tid var det store fleirtalet av folket).
Det gjekk ikkje slik som Rasmus Rask tenkte seg i dette brevet, («Breve fra og til Rasmus Rask», utg. av L. Hjelmslev, Kjøpenhamn 1941), for i den ættleden som kom etter Rask, stod det fram ein flokk islendingar i Kjøpenhamn, Fjølnis-menn» som dei hev vorte kalla etter tidsskriftet dei gav ut nokre år. Desse mennene såg at det islandske målet trong dyrking, umsut og arbeid. Konrad Gislason og Jonas Hallgrimsson var millom dei mennene som lydde til folkemålet dei kjende, kvar frå si heimbygd, og dei tok ord og emne der ifrå inn i skriftmålet, både i dikt og og prosa. Dette var upptaket til kampen for å byggja islandsk upp til eit moderne mål som skulle målbera all verdsens vitskap og poesi. Det var og på høg tid då ein byrja, for straumen av utanlandsk påverknad voks år for år i tida frå 1830-åra, og hev gjort det sidan den tid. Men no voks den store nyislandske diktinga fram og etter kvart og fagprosa innan humanistiske vitskapar og naturvitskap, og like eins ålmenne tidsskrifter, fagtidsskrifter og aviser, som alle hadde måldyrking til mål og m‚d. Denne verdsetjinga hev halde seg til dagen i dag hjå so å segja alle lesande og skrivande menneske på Island, Tusentals og atter tusentals nye ord, av gamle røter, hev vorte forma med kvart som ny kunnskap og ny teknologi hev kome til, og denne verksemda er i full gang ogso no, våren 1998.
Den islandske målsoga dei siste 150 åra syner at målet godt kan tola sume framandord, når dei ikkje bryt ljodverk og bøygningssystem, og når det synest vera uråd å finna eller forma eit sjølvupplysande islandsk ord. Det er god grunn til å tru at ei ordlaging som den islendingane er med på, er til vinning for det åndelege miljøet, for anten som ordskaparar eller som vakne og interesserte kritikarar er store delar av det islandske folket med i denne vokstergangen. Velkjent er det og at islendingar ålment er kunnige i framande mål. Det er likt til at hugen og evna til å læra andre språk vert styrkt av eiga måldyrking og arbeidet med å byggja upp islandsk på alle livsumråde.
Eg vil gjerne gjeva att nokre ord av Jakob Benediktsson frå artikkelen «Soga om islandsk ordtilfang», 1964: » . . . Det finst menn, både utanlands og innanland, som gjer narr av purismen (hreintungustefna) til islendingane, dei kallar han jamvel for låtteleg romantikk og avaldra konservatisme i denne tida av internasjonalisme og stormaktsdyrking. Men til det er det å svara at purismen, måldyrkinga, hev trass i alt halde ved lag sambandet vårt med fortida og den klassiske bokheimen vår; at han hev tryggja oss ubrote samband med dei skattar av islandsk språk som er innskrivne i bokheimen vår og enno lever på tunga til det ålmenne folket, og sist, men ikkje minst hev han berga målet vårt frå å drukna i flaumen av utanlandske påverknader.
Islandsk kultur er ubryteleg knytt til islandsk mål, islandsk bokheim, islandsk ordtilfang. Slitnar desse tilknytingane, vert sambandet med fortida øydelagt, og då ville det ikkje vera lenge å venta før soga um islandsk kultur er ute.
Johannes Gjerdåker (1936-2020)
Nye kommentarar