Ivar Aasen: Tankar på ein bursdag
Det er flautt å gløyma bursdagar. Minst like flautt burde det vera å offentleg demonstrera si eigi kunnskapsløysa…
På Facebook-gruppa «Bergen før i tiden» kom det nyss til eit lite ordskifte i samband med Ivar Aasens 207-årsdag, den 5. august 2020. For visse personar var det rett og slett utoleleg å få høyra at nynorsk er norskare enn bokmål og at Vestmannalaget er like bergensk som Bergens Tidende er det (grunnlagde i januar 1868, båe tvo).
Det er likt til at namnet Ivar Aasen råkar ein nerve, for her fekk ein fram heile galleriet av stereotype nynorskmotstandarar:
1. «Norsk og nynorsk»-typen:
2. «Nynorsk traumatiserte meg»-typen:
3. «Eg elskar dialekten min, men hatar nynorsk»-typen:
For same korleis nynorskmotstandarane snur og vender på det, so er ikkje det nasjonale argumentet til å koma i frå:
Nynorsk er mykje eldre enn bokmålet, det er 150 år sidan Ivar Aasen skriftfeste nynorsken. Heilt fram til 1907 kunde ein berre velja millom (ny)norsk og purt dansk. I 1907 vart det gjort nokre endringar i det danske målet som førde det nærare nynorsk. Til dømes vart dig og mig umgjort til deg og meg, slik det hadde vore heile tidi på norsk. Det einaste som er norsk med bokmålet er det som samsvarar med nynorsk. Resten er dansk.
Men dermed kjem me til endå ein karakter…
4. «Eg må fjasa meg vekk frå fakta»-typen:
Sistnemnde type er ingen ringare enn Sindre Låstad, den unge mannen som hevdar at han skal ha vorte millionær på blogging. Sindre Låstad titulerar seg sjølv som «forfatterspire», «internettgründer» og «musiker».
Me vil difor venda oss til Sindre Låstad på alle desse 3 umkvervi, og sjå um det er mogleg å nå fram på noko som helst slags vis:
Til «forfattarspira» Sindre Låstad:
Hev du aldri late deg gripa av diktingi åt Tor Jonsson, Olav H. Hauge eller Tore Ørjasæter? Eller kva med dei storslegne verki åt Arne Garborg, Olav Duun og Johannes Heggland, vekte det ingen atterklang hjå deg? Det burde ikkje vera mogleg å kalla seg forfattar og samstundes vera so negativ til det målet som bringa fram desse store lyrikarane og forfattarane.
Til «musikaren» Sindre Låstad:
Hev du nokosinne høyrt um vokaltriklangen i klassisk norsk, med a, i og o? Det svarar faktisk til den same triklangen som du elles finn i ein vanleg akkord. «Selve sproget er jo musikk», slo Edvard Grieg fast, og det var ikkje utan grunn.
Og til slutt til «internettgründeren» Sindre Låstad:
Burde ikkje hardt arbeid telja meir enn tome ord og smart marknadsføring? Det er imponerande nok med det Glabladet ditt som gjekk viralt for eit tiår sidan, men det er visseleg nok av IT-bublor som sidan den gongen hev sprukke med ein smell.
Me attum Målmannen byggjer stein på stein, med norsk informasjons-infrastruktur. Nylegt lanserte me det norske uppslagsverket på Sambandet.no, der ein kann få kunnskap um både norsk mål og dei mest mangslungne emne elles. For nokre dagar sidan la me til dømes ut 1923-umsetjingi av Tacitus sitt «Folk og seder i Germania». Dette er den same Tacitus som etter Johannes Heggland sitt syn hev teke fyre seg Nerthus-kulten på Tysnes.
Beat-poesi, rockemusikk og internett er etter måten nye disiplinar – mange lause idear som er innovative i dag er gløymde i morgon. Skaldskap, grindbygg og turrmuring er derimot disiplinar som gjeng 5000 år attende i tid. Der må ein fyrst verta initiert i eit veletablert handverk – og deretter kann ein verta kreativ og faktisk gjera verk som varer, um eg skal tillata meg å parafrasera bursdagsbarnet.
Med det nedervde norske målet er det ikkje annleis. Å vera målmann og måldyrkar er ikkje noko ein vert fødd som eller som ein fær rett i fanget. Det er noko som vel sjølv og som ein må arbeida hardt med. Men dei som tek seg tid til å setja seg inn i det storverket som Ivar Aasen skapte, dei fær ein nasjonal kompetanse som bokmålet aldri kann lura seg til.
Olav Torheim
Nye kommentarar