Torgeirs kamp: Ei ny natt på sofaen
-Skal du ikkje leggja deg snart, Torgeir? Røysti frå soveromet var utolmodig. -Ja, med ein gong. Eg må berre få svara på ei melding her…
Klokka nærma seg elleve, men Torgeir hadde enno ingen planar um å gå til sengs. I veka som gjekk hadde han aldri havt telefonen eller dataen meir enn eit fet i frå seg. Pulsen gjekk høgt og sveitten pipla um panna. Plingeljoden når det kom svar på melding aktiverte den same refleksen som hjå Pavlovs hundar. Han kunde berre ikkje gje seg.
-Slike folk må berre setjast på plass ein gong for alle, sa han til seg sjølv. -Masa, gnaga, plåga, aldri gje deim fred. Vera etter dei alle stader der dei stikk snuten fram. Det er det som verkar.
Det heile hadde byrja i 2015. Torgeir hadde fått høyra um asylsøkjarane som kom i land på strendene på Lampedusa, ikkje så langt frå Malta. Han og syskenbarnet heiv seg rundt og reiste ned, og det hadde aldri vorte det same etterpå.
Når han kom heim att hadde lokalavisa gjort honom til ein slags semi-kjendis. Med indignert røyst fortalde han um kontrasten millom Noreg og Lampedusa. Og indignasjonen berre tiltok når han kunde leggja ut um fordomsfulle nordmenner og sambygdingar som ikkje hadde upplevd det same som han sjølv.
Meistringskjensla Torgeir so mange gonger hadde sakna, kom no sigande på plass: Her var han endeleg i sitt ess.
For historia byrja kanskje nokre tiår i førevegen. Mor hans som hadde kjøpt gitar til han på tiårsdagen. Torgeir lyste upp når han fekk leika seg med dei lite utvikla barnefingrane sine. Finmotorikken var ikkje den beste, for fyrst sleit den øvste bass-strengen, og dinest den neste, og til slutt var alle dei fem øvste strengane slitne av. Det var einast den høgaste strengen, den lyse E-strengen, som stod att, men denne eine strengen kom verkeleg til sin rett. Torgeir spela upp ned alle dei 12 bandi, og det hefta han ikkje at det gjekk utanfor alle skalaer eller harmoniar. For han kjende med seg sjølv at no låg han i det lægjet som han høyrde til i. Heilt til far hans røska gitaren ut or nevane hans. -No fær det faen meg vera nok med denne plinkingi!
Det var ikkje lett å veksa upp i ei liti bygd på 80- og 90-talet. Skulde ein verta umtykt, måtte ein kunna hevda seg i idrott. Det var ikkje so lett når ein var “lubben”, som mor hans sa. Andre brukte ikkje fullt så fine ord. “Feiten”, sa dei. Mor hans sende honom på fotballtrening, og han sprang so han heldt på å spy, men kvar gong det var kamp vart han sitjande på benken.
Det bygde seg upp eit sinne i vesle Torgeir. Eit sinne som han måtte få ut einkvan stad. Han hadde lyst «å ta» einkvan. Men sterk var han ikkje og helder ikkje flink til å slåst, so i skulegarden gjekk han etter dei som ikkje gjorde motstand. Spesielt gjekk han etter Olai. Olai representerte alt det Torgeir ikkje var. Han var skuleflink, gjorde alltid leksene sine, rekkte alltid upp handi når læraren spurde um eitkvart. Serskilt atletisk var Olai ikkje, men han hadde ordet i si makt.
Ein gong i eit friminutt der Olai vart sitjande att på pulten sin og teikna. -So stygt du teiknar, kom det frå Torgeir. Olai svara ikkje, han var altfor neddykka i teikningane sine. Torgeir tok då og velta pulten yver ende, so bøker og fargestiftar flaug inn i gårsdagen. -Slik gjeng det når du ikkje høyrer etter, brøla Torgeir som um han skulde ha vore ein Tyrannosaurus Rex.
Olai plukka berre upp att bøkene og fargestiftane sine. -For eit rævhol, sukka han med seg sjølv. Det var nett det som Torbjørn hadde venta på: -Kalla du meg eit rævhol, gaula han og slengde Olai i bakken. -Ja, svara Olai, berre.
Torgeir svara med å gje Olai eit knyttneveslag rett i fleisen. -Eg høyrde ikkje, kalla du meg eit rævhol? -Ja! Torgeir slo endå ein gong. -Kalla du meg eit rævhol? -Ja. Torgeir slo for tridje gong: -Kalla du meg eit rævhol? Svaret verka som ei spyttklysa som Torgeir fekk rett i fleisen. Det som Olai ikkje hadde i fysisk styrke, det tok han att i forakt…
Ingen sa i frå til Torgeir. Han fekk herja fritt i skulegarden. Men det var helder ingen som heldt av honom, og dei fleste lo attum ryggen hans.
Og det Torgeir ikkje hadde av argument, det tok han att med å hevja røysti. Det var eit mynster som kom til å festa seg og som han fekk med seg vidare i livet. Torgeir var i sitt ess når han fekk tala sint og indignert um andre. Når han kunde gå upp i tonefallet og tala med høgt moralsk volum. Anten det var um Sylvi Listhaug eller um andre trongsynte bondeknølar. Brikkone hadde liksom falle på plass etter reisa til Lampedusa i 2015. No forstod han kvifor han som Hellbillies syng: “Heime høvd’ikkje eg”. Det var av di bygdefolket var alt det han ikkje var: Dumme, fordomsfulle, ynkverdige, talentlause, høgreekstreme…
So skjedde det ein dag Torgeir sat og såg på nyhendestraumen sin på Facebook. Han såg at far hans hadde delt ein kronikk i lokalavisa. Det sveiv seg um vindkraft, og det var Olai som stod som kronikkforfattar. Olai?
Olai som han hadde herja med for eit par tiår sidan, var komen attende i bygdi – etter mange år i utlandet. Han hadde lært seg tri ulike framandspråk, hadde teke ei solid utdaning og han hadde etablert seg med familie og eigi næringsverksemd. Likevel var det ein audmjuk Olai som hadde funne vegen heim. Burte hadde han funne bygdi att, som Tor Jonson vilde sagt det.
I kronikken tok Olai fyre seg korleis politikarane og statsbyråkratane gav ein god dag i kva folk meinte i vindkraftspursmålet. Men han gjekk lengre enn som so: Han etterviste at politikarane hadde selt ut energipolitikken til EU. Naturen vart rasert i namnet åt “klimaet”, og det var store multinasjonale energikonsern som profiterte på det heile.
Endå um Torgeir ikkje var usamd i noko av det som Olai hadde skrive, og endå um mykje av argumentasjonen gjekk yver hovudet på honom, kjende Torgeir at han vart uroleg. Lokalpolitikk hadde vore den eine saki der Torgeir kunde få vera noko i bygdi. Det var den eine strengen han kunde spela på. No var han redd at denne siste strengen skulde slita.
-Det må vera eitkvart eg kann ta Olai på, tenkte Torgeir. Han byrja leita gjenom alt som Olai hadde skrive av tekster dei seinaste 15 åri, og dei var ikkje so reint fåe av. Det var ikkje slik at han forstod so mykje av dei, men han beit seg merke i ei av tekstene: Der hadde Olai tala um innvandring og det som han kalla for «etnokulturell identitet»…
Det var nett dette Torgeir hadde leita etter: Han må vera som Listhaug, sa han med seg sjølv. Nei, verre enn det. Rasist. Høgreekstrem. Nazist.
Torgeir hadde sjølv site som varamann i det lokale Nei til EU-laget, og han var kjappt ute med å titulera seg som ein «jævla sosialist» etter at Siv Jensen hadde kome med den illgjetne landsmøtetala si. Men dersom nokon freista å leggja saman 2 pluss 2, som med nasjonalt og sosialt, so kom ryggmergsrefleksen fram med det same…
Dimed var Torgeir sitt moralske felttog i gang. Kvar einaste gong Olai ytra seg i lokalavisa eller på sosiale medium var Torgeir der for å segja frå. Folk måtte ikkje lata seg lura, Olai var ein ulv i fåreklede. Her laut Torgeir vera føre var: Dersom folk rakk å verta kjende med Olai, so var det kanskje for seint å koma etterpå og fortelja kva slags skrekkelegt umenneske han eigenleg var…
Slik gjekk kveldane. Torgeir fylde veggen sin med åtvaringar mot Olai. Skjellsordi sat laust. Ingen sa noko, men mange tenkte nok sitt.
Torgeir hadde vona at eitkvart skulde skje. At Olai skulde gje upp og tegja stilt. At han kanskje skulde flytja sin veg. Men alt prella av som vatn på gåsi. Olai heldt berre fram som han stemna, nett som um Torgeir ikkje fanst. Denne kvelden hadde Torgeir kome med ein retteleg tirade på den lokale uppslagstavla, og brått poppa svaret frå Olai upp i kommentarfeltet:
-Du kann skrika og hyla, du kann kalla meg kva du vil. Men veit du kva? Eg bryr meg ikkje. For eg veit at du denne gongen er heilt maktlaus. Me er ikkje på skuleplassen i 1991 lenger. Me er i Nordhordland i 2021. Det er ingenting som du kann gjera meg. Det er ingenting du prøver deg på som fær nokon som helst slags fylgjor for meg.
-Torgeir, skal du ikkje koma snart? No må du slutta. Du gjev han berre meir makt yver deg.
Røysti frå soveromet var ikkje berre utolmodig, ho var vorti arg og sår.
-Ja, med ein gong, eg må berre svara på ein kommentar her…
Torgeir høyrde korleis soveromsdøri vart slemra hardt att. Han visste med seg sjølv at no var det for seint å koma inn og leggja seg. Han kunde berre gløyma å få seg noko no.
Det hadde vore ein hard kamp i dag. Endå ei natt på sofaen.
Knut Hamsun d.y.
Nye kommentarar